Fellesrådet må difor låna pengar frå fond, sjølv om dette er i strid med regelverket.
Biskopen kjem uansett
Kirkeverge Helge Kolstad garanterer likevel at besøket skal gå som planlagd.
- Det viktige her er jo den inspirasjonen biskopen skal gje oss, og då må me klara å løysa dette, meiner Kolstad.
Problem i heile landet
Det er ikkje berre fellesrådet på Osterøy som slit med økonomien.
- Når det kjem ekstra utgifter, får mange av fellesråda i landet problem. Fellesråda rundt omkring har fått nedskjæringar på direkteoverføringar frå staten. Kommunane har ikkje fått det dispensert. Difor har me det vanskeleg no, fortel Kolstad.