Måtte leggje ut 150 000 kroner for å følgje kona på dødsleiet

Stadig fleire vender seg til Kreftforeininga, frustrerte over kor dyrt det er å vere pårørande til ein person som er langvarig sjuk.

Sykehus

SJUKE: Fleire alvorleg sjuke opplever at dei pårørande ikkje har råd til å følgje dei gjennom behandling.

Foto: Francois Destoc / PHOTOPQR/LE TELEGRAMME

Jan Øhlckers, som er fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, måtte legge ut 150 000 kroner for å kunne vere saman med si kreftsjuke kone det siste halvanna året ho levde.

- Elisabeth fekk akutt leukemi og var gjennom seks tøffe cellegiftkurar og ein transplantasjon som dessverre ikkje var vellukka. Ho var veldig sjuk i lange periodar, seier Øhlckers som meiner det var verdt kvar krone han måtte betale for å følgje kona på dødsleiet.

Måtte leggje ut 150 000 kroner

Det var hausten 2008 at kona hans vart sjuk med blodkreft. Frå den travle kvardagen som fylkesrådmann gjekk no størstedelen av tida for Jan Øhlckers med til å vere saman med kona på sjukehuset.

- Ho var sjuk i halvanna år før ho døydde. Dei første seks månadane med cellegiftkurar var ho nesten berre på sjukehuset, seier Øhlckers.

Det er opp til det enkelte helseføretak å vurdere om dei skal imøtekome behovet pasienten har for å ha ein pårørande til stades, og gje økonomisk støtte.

Men både NAV og Haukeland sjukehus avviste Øhlckers då han etterspurte økonomisk hjelp. Han fekk beskjed om at dersom ikkje pasienten var mindreårig, måtte han dekke utgiftene sjølv.

Etter lange opphald på sjukehus både i Bergen og Oslo sat han att med ei rekning på nær 150 000 kroner i samband med kona sitt sjukeleie.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jan Øhlckers

OPPRØRT: Jan Øhlckers meiner dei pårørande vert hindra i å gjere ein god jobb når det vert så dyrt å vere pårørande.

Foto: Brit Jorunn Svanes

- Hindrar pårørande i å gjere ein god jobb

- Dei suraste pengane var nok dei eg bruke på parkering. Då eg budde på sjukehushotellet var det 500 kroner for natta, seier Øhlckers til NRK.no.

Øhlckers skal ha brukt dei 150 000 kronene likt fordelt på parkering, hotell og reiser.

Sjølv hadde Øhlckers råd til å leggje ut, men han tenkjer mykje på dei som ikkje klarar det. Han meiner mange pårørande vert hindra i å gjere ein god jobb.

- Då må pårørande kanskje la vere å besøke den som er sjuk, seier Øhlckers.

Pårørande kan få gjeld

Kreftforeininga krev no at styresmaktene ser nærare på støtteordningane som gjeld for dei som er pårørande til folk med langvarig sjukdom.

- For nokre vert konsekvensane at ein får gjeld, for andre vert konsekvensen at dei ikkje får følgje sine kjære når dei er inne til tung behandling, seier assisterande generalsekretær i Kreftforeininga, Ole Aleksander Opdalshei.

Han meiner det er svært viktig at det vert gjort noko med problemstillinga.

- Nokon har råd, medan andre ikkje har råd. Det er den siste gruppa vi er spesielt oppteken av, seier Opdalshei til NRK.no.

Meiner ordninga er god nok

Tone Toften

GOD NOK: Tone Toften i Helse og omsorgsdepartementet meiner ordninga er god nok i dag.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Statssekretær i Helsedepartementet, Tone Toften, seier ordninga som finst i dag er god nok. Men vedgår at den kan vere ukjent for mange.

- Det kan vere at det ikkje er god nok kjent at ein må gå i dialog med helseføretaket, for å ta opp problemstillinga og kome med slike ønskjer, seier Toften til NRK.no.

- Dette er for gale

For Øhlckers ordnar det seg ved at han får pengane att på skatten. Men han meiner det er svært uheldig at mange kanskje ikkje får gje dei sjuke den støtta den ønskjer.

- Det er noko galt når ein er i ein så vanskeleg situasjon, og ikkje kan få litt draghjelp. I staden vert ein hindra i å gjere ein skikkeleg jobb som pårørande, seier Øhlckers.

- Kor viktig var det for deg å vere der for kona di då ho var sjuk?

- Det var heilt avgjerande. I ettertid er eg veldig glad for kvar einaste time eg var der, og det trur eg var viktig for Elisabeth også.