Hopp til innhold

Har ikkje gjeve opp kampen mot vindkraft

– Vi føler oss nedtrampa, rett og slett, seier Wenche Midthun, grunneigar på Dalsbotnfjellet i Gulen kommune. I dag vert regjeringa møtt av ein støttemarsj når dei kjem for å diskutere vindkraftanlegg på fjellet.

Dalsbotnfjellet vindkraftpark

VINDKRAFT: Her på Dalsbotnfjellet har NVE gjeve konsesjon for å byggje vindkraftanlegg. No kjempar kommunen og fleire av innbyggjarane for å stoppe dette.

Illustrasjon: Zephyr AS

– Fjellet vert rasert dersom det blir bygd tre til fire mil med vegar og vindmøller. Det er ei heilt unik høgslette, så vi tykkjer ikkje at det er greitt at den skal øydeleggjast, seier Midthun.

I Gulen fryktar dei no at det skal bli bygd eit vindkraftanlegg på fjellet etter at NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) tidlegare i vår presenterte kommunen som ein godt egna plass for utbygging av vindkraft.

Wenche Midthun - Grunneigar på Dalsbotnfjellet

FOLKEMARSJ: Wenche Midthun skal vere turleiar under folkemarsjen for Dalsbotnfjellet.

Foto: Privat

I dag vert det arrangert ein støttemarsj for Dalsbotnfjellet, samtidig som Olje- og energidepartementet skal halde synfaring og folkemøte i høve klagen på NVEs tildeling av konsesjon.

– NVE har gjeve konsesjon til utbygging, sjølv om dei sa på folkemøtet at det ville dei aldri gjere dersom kommunen sa nei. Vi føler oss nedtrampa, rett og slett.

Ifølgje Midthun så har berre tolv av 55 grunneigarar som vindkraftselskapet Zephyr har vore i kontakt med, skrive under på ei intensjonsavtale.

Ho har i over ti år kjempa mot utbygging av vindkraft, og meiner ein heller burde sjå på alternative løysingar.

– Eg meiner at å bygge ut vindkraft på fjell i Noreg ikkje er noko god løysing. Ein bør enten byggje vindmøller på låglandet eller til sjøs, men også oppgradere dei vasskrafta som vi har.

Fjell kring Breidvikdalen med Blåfjellet som høgste punkt

VINDTURBINAR: Bilete syner området som det planleggjast å bygge vindkraftanlegg. Dersom utbyggarane får det som dei vil, vert heile fjellranda vindturbinindustri.

Foto: Astrid Sandvik / Privat

Kjenner seg ikkje att i kritikken


– Vi handterer alle grunneigarar likt, og vi kjenner oss over hovud ikkje igjen i at vi skal ha overkøyrd nokon, seier leiar for prosjektutvikling i Zephyr, Johnny Hansen.

Hansen fortel til NRK at Zephyr utførte ei skriftleg spørjeundersøking i januar om byggeprosjektet på Dalsbotnfjellet. Resultatet viste at eit fleirtal av dei som svara på undersøkinga var positiv til prosjektet. Ifølgje Hansen har Zephyr ikkje skrive under på intensjonsavtalar med grunneigarar heller.

– Vi er klar over at nokre utbyggarar opererer med intensjonsavtalar, men vi har skrive ei ordinær grunneigaravtale. Dei første vart etablert i 2010, og vi har sydd saman tolv slike.

– No vil vi at myndigheitene skal ta ei avgjerd, og vi ynskjer ikkje at det skal bli noko motstridande diskusjonar i bygdesamfunnet, avsluttar Hansen.

Får støtte frå ordførar


Ordførar Hallvard Oppedal (Sp) i Gulen, er positiv til støttemarsjen.

– Eg tykkjer det er eit flott tiltak. Dersom folk støttar opp om klagen frå kommunen, så set eg stor pris det.

Sjølv skal han vere med NVE og departementet på synfaring i fjellområdet der det har blitt gjeve konsesjon for å byggje ut vindkraftanlegg.

Hallvard Oppedal

STØTTAR FOLKEMARSJ: Ordførar Hallvard Oppedal har alltid vore klar på at Gulen ikkje ynskjer vindkraftanlegg.

Foto: Gulen kommune

– Alt avheng no av at vi greier å overtyde departementet om at vi ikkje vil ha vindkraft her i Gulen kommune, seier Oppedal.

NVE ville ikkje kommentere saka til NRK, men viser til tidlegare pressemeldingar.

«NVE meddelte Zephyr AS den 30.09.2013 konsesjon til å bygge og drive Dalsbotnfjellet vindkraftverk med tilhørende nettilknytning. Vedtaket er påklaget, og ble 21.09.2018 oversendt til Olje- og energidepartementet for endelig behandling.»

«I konsesjonen la NVE vekt på at det er gode vindforhold i planområdet. De største virkningene for Dalsbotnfjellet vindkraftverk er knyttet til visuelle virkninger for landskap, nærliggende bosetning, naturmangfold, friluftsliv og inngrepsfrie naturområder (INON)... NVE vurderte de samlede fordelene ved anlegget til å være større enn ulempene tiltaket medfører...»

Vindkraft i Bremanger

I Bremanger vart det vedteke å byggje vindmøllepark etter at eit fleirtal i kommunestyret og grunneigarar var positiv til dette.

Ivar Rune Varpe har kjempa i mange år mot vindkraftutbygging i fjellområda. Som ein av grunneigarane på Varpe ser han få positive sider ved vindmøllepark på Bremangerlandet.

Roy Ivar Varpe - ved Varpestølen

TAPTE KAMPEN: Langs Steinfjellet i Bremanger er det planlagd å byggje 19 vindmøller. Det likar ikkje grunneigar Ivar Rune Varpe.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– Det vil påverke mange av oss. Det er øydeleggande for bygda, for naturen, miljøet og for turisme. Og for oss som er oppvaksen med hytte og stølar blir mykje øydelagd.

Sjølv vil han få ei vindmølle berre 125 meter frå stølen sin. NVE har sett eit krav om at ein ikkje kan opphalde seg i nærområde der lydnivå kjem på over 45 desibel. For Varpe og dei andre hytte- og stølseigarane betyr dette at det ikkje er helsemessig forsvarleg å opphalde seg på Varpestølen når møllene kjem, fortel han.

Vidare fortel Varpe at den lange kampen, som for han starta i 2002, har prega både han og bygdesamfunnet.

– Det har vore veldig tøft. Det går jo ut over samhaldet i eit lite bygdesamfunn, der alle skal vere avhengig av kvarandre. Vindmølle kan ikkje diskuterast, det blir berre krangling. Det pregar oss, utan tvil.

Roy Ivar Varpe - Varpestølen i Bremanger

TETT PÅ: Her er det planlagd å sette opp ei vindmølle 125 meter frå stølen til Ivar Rune Varpe. Vindmøllene vil vere 149,5 meter høge.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Han seier at den planlagde vindmølleparken vil verte synleg, ikkje berre for turfolk i fjella, men også for mange som bur i bygdene rundt fjellområdet.

– Det vil bli visuell forureining mot bygda. Bygdefolk, spesielt på Fossestranda, Nødset, Ryland, Struenområdet, Hauge, Ryland, Kalvåg og alle grunneigarane i Dalen kjem til å sjå vindmøllene når dei kjem.

Ved utbygging av vindmøllepark vert det også bygd fleire kilometer med vegar i fjella. Det kan føre til at fleire folk, sjølv dei som slit med å ta seg fram i terreng, kan få gå toppturar. Dette har han mykje forståing for, men fryktar likevel at den totale opplevinga ikkje vil vere verdt det.

– Vi har for eksempel 16 turpostar på Bremangerlandet, og frå alle postar vil ein kunne sjå vindmøller når dei kjem. Eg trur ikkje det er noko positivt. Ein vil vel ikkje sjå eit industrianlegg når ein går på tur i natur og fjell?

Til slutt ynskjer han å kome med råd til dei som framleis kjempar mot utbygging av vindmøllekraft.

– Sei nei. Enkelt og greitt.

Protest mot vindmøllepark på Bremangerlandet

PROTEST: Før oppgangen mot Steinfjellet i Bremanger heng eit banner som motstandarar av vindmølleparken har hengt opp.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK