Hopp til innhold

Sjekkar ransmistenkt etter nytt kioskran

Politiet jobbar for fullt med å oppklare tre kioskran i Bergen. Det siste ranet skjedde timar etter at ein mistenkt for eit anna ran var sleppt fri av politiet.

7-Eleven på Støletorget i Bergen

RANA KIOSK MED SPRØYTE: Ein mann i svart hettegensar og med ei sprøyte i handa rana 7-Eleven på Støletorget i Bergen seint torsdag kveld.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Vi må undersøke samanhengen nærare og sjekke om vedkommande har alibi for ranet i går kveld, seier leiar Knut Ellertsen ved tjuveriavsnittet på Bergen sentrum politistasjon.

Han og resten av avsnittet har hendene fulle etter at tre kioskar har blitt rana på fire dagar i Bergen sentrum:

Ein mistenkt

Knut Ellertsen

Leiar Knut Ellertsen for brann- og tjuveriavsnittet ved Bergen sentrum politistasjon.

Foto: NRK

– Når det gjeld saka i Torggaten og saka i Kanalveien, så meiner vi at dei to ikkje har nokon samanheng, seier Ellertsen.

Politiet har hatt ein mistenkt inne til avhøyr etter pistolranet i Kanalveien. Han vart avhøyrt torsdag ettermiddag, og sleppt fri same kveld. Klokka 22.51 vart Støletorget rana av ein mann med sprøyte.

– Vi jobbar med video og vitneavhøyr for å komme litt nærmare om det er ein samanheng med dei opplysningane vi har so langt. Vi er komne eit stykke på veg, men det står att mykje arbeid. Vi jobbar på for fullt, seier Ellertsen.

Ran Deli de Luca

Politiet ser ingen samanheng mellom måndagens ran i Torggaten og ranet i Kanalveien natt til torsdag.

Foto: Arne Ellingsen

– Full styrke

Videoar frå overvakingskamera er eit særs viktig spor for politiet, for dei kan sjekke klesdrakt, bevegelsar og tips i forkant og etterkant av ranet.

– Vi ønskjer at dei som har vore i nærleiken som kan ha sett noko, tek kontakt med oss. Det er betre at publikum tipsar ein gong for mykje enn ein gong for lite.

Ellertsen seier det er alvorleg at tre kioskar har opplevd ran med anten våpenliknande gjenstand eller sprøyte på så kort tid i Bergen.

– Av og til er det tilfeldigheitane som rår, slik me såg me brannane i sentrum tidlegare i år. Men det er klart at dette ikkje er bra og det er difor vi set inn full styrke på dette for å komma til botns i sakene, avsluttar Ellertsen.

ran i bergen starten av oktober