Hopp til innhold

Har hatt 200 000 millimeter nedbør

I løpet av den 100 år lange historia til Ålfoten nedbørstasjon har nedbøren auka med opp mot 25 prosent.

Video Målestasjon merker klimaendringene

VIDEO: Denne nedbørstasjonen har vore i drift sidan 1910.

Kvar dag sidan 14. september 1910 har observatørane ved Ålfoten nedbørstasjon gjort målingar for Meteorologisk institutt.

Tysdag feirar nedbørstasjonen 100 år - og i løpet av perioden har stasjonen fått 200 000 millimeter nedbør.

- Vi veit at nedbøren har auka. Ein hovudårsak til at breen trekkjer seg tilbake er dessutan høge temperaturar. Dei siste 30-40 åra ser vi at temperaturen i gjennomsnitt er ein grad eller halvannen høgare i dag. Det betyr ganske mykje for smelting av snø og bre, seier klimaforskar Ketil Isaksen til NRK Sogn og Fjordane.

Har 203 regndagar i året

Nedbørstatistikken i Ålfoten kan vere eit interessant studie på klimautviklinga:

Frå 1910 og fram til i dag har nedbøren på staden auka med 20-25 prosent, noko som er meir enn dei fleste nedbørstasjonane på Vestlandet. I gjennomsnitt er det 203 dagar med nedbør per år i Ålfoten.

Her er nøkkeltala for nedbørstasjonen:

  • Våtaste år: 1990 med 3408,7 mm
  • Våtaste månad: Mars 1990 med 752,9 mm
  • Våtaste døgn: 28. februar 1943 med 99,0 mm
  • Tørraste år: 1937 med 1138 mm
  • Tørraste månad: Juni 1933 med 2,6 mm

Normalen for årsnedbør i Ålfoten er til samanlikning på 5600 millimeter. Ifølgje Meteorologisk institutt gir det grunn til å hevde at ein finn her finn dei største nedbørsmengdene i Norge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ålfoten nedbørstasjon 100 år

FEIRING: Slik såg det ut i Ålfoten idag, då 100-årsjubileet vart markert i direktesendinga til NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Birger Meland / NRK

- Alltid spennande å sjekke målaren

I dag er det ekteparet Tore og Anne Elise Myklebust som rapporterer nedbøren frå Ålfoten. Men dei har ikkje sterke minne frå nedbørsrekorden i 1990.

- Den som kunne hugse det... Men det var nok mykje regn. Det kan jo vere slik her, seier Anne Elise Myklebust.

- Det er alltid spennande å kikke oppi målaren når det har vore mykje nedbør. Vi får jo vite det først, seier ho.

Forklarer med global oppvarming

Ifølgje Meteorologisk institutt er nedbørstala svært verdfulle. Statistikken betyr nemleg mykje også utover staden tala er samla inn.

Ikkje minst kan forskarane studere utviklinga over tid.

- Dette er eit område med mykje kraftproduksjon, og Ålfotbreen ligg jo rett her oppe. Det er den breen med størst nedbør- og snømengder i Norge. Vi har målt 12-13 meter snø her på det meste, men det har minka dei siste åra, seier Isaksen.

- Vi har vanskar med å forklare temperaturauken i Norge utan å forklare den med global oppvarming på grunn av oss menneske. Temperaturen aukar - og nedbøren aukar. Det er større fordamping frå havet, og då fell nedbøren mellom anna ned i Ålfoten, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.