Hopp til innhold

Snører nettet rundt motorsyklisten som vart målt til 171 km/t

Politiet har godt håp om å finne motorsyklisten som leika med sitt eige og andre sine liv i helga. – Vi har fått tips på konkrete personar, seier lensmann Tormod Hvattum i Vågsøy.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

FÅR TIPS: Lensmann Tormod Hvattum i Vågsøy kjenner seg trygg på at dei skal klare å finne motorsyklisten som laurdag vart målt til 171 km/t.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

Politiet har fått tips om personar som har tilsvarande racing-sykkel som laurdag vart målt til 171 km/t på riksveg 15 ved Almenning i Vågsøy.

Lensmann Tormod Hvattum i Vågsøy meiner dei er nær å kunne identifisere føraren.

– I tillegg til tips på konkrete personar som har tilsvarande motorsyklar, hentar vi inn og arbeider med bilete frå overvakingskamera på bensinstasjonar og det som er, seier han.

Køyrde austover

Det var laurdag kveld at Utrykkingspolitiet prøvde å ta opp jakta etter den hårreisande fartsmålinga. Motorsyklisten var då på veg vestover mot Måløy.

Føraren, som hadde på seg ein ryggsekk med kvitt mønster, snudde så og passerte på nytt utrykkingspatruljen. Då i retning Nordfjordeid. Politiet ser ikkje vekk frå at motorsyklisten har kjennskap til distriktet.

– Vi etablerte ein stopp-post i Eid, men føraren har teke av riksveg 15 før han kom så langt, seier Hvattum.

Leikar med liv

Lensmannen i Vågsøy forsikrar at saka har høg prioritet hos politiet.

– Dette er ei alvorleg sak. Når du køyrer så fort, så leiker du både med eige og andre sine liv, seier han.

– Og de er sterke i trua på at de skal klare å identifisere føraren?

– Det er vi. Vi håpar å ha ganske klart for oss kven dette er i løpet av i dag og i morgon.