Ein mann (43) og ei kvinne (42) får behandling ved Førde sentralsjukehus etter episoden som fann stad på ei privatadresse i Florø skjærtorsdag.
Politiet vil førebels ikkje seie noko om hendingsgangen, anna enn at det er nytta slagreiskap.
- LES OGSÅ: To personar pågripne etter valdsepisode
– Vi har avhøyrt den fornærma kvinna, og den sikta kvinna. Måndag vil vi avhøyre dei to andre, samt gjennomføre vitneavhøyr, seier operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
Kjenningar av politiet
Alle dei fire involverte er såkalla kjenningar av politiet, men politiet vil ikkje kommentere på kva måte. Dei vil heller ikkje kommentere kva som så langt har kome fram i avhøyra.
Den 43 år gamle kvinna er alvorlegast skadd. Situasjonen er stabil, men ho får behandling på intensivavdelinga. Det er uvisst kva type skader det er tale om.
– Dei to er sikta for brot på Straffelova § 229, lekamsskading. Først når alle er avhøyrde ut på morgondagen kan ein seie noko meir om kva som skjer vidare, seier Hatlenes.
Politiet kan halde på dei to i 48 timar før dei må sleppast fri eller framstillast for varetekt.
Det var i 11-tida at politiet fekk fleire meldingar om bråk i huset. Meldingane eskalerte i alvorsgrad. Gjerningspersonane vart pågripne fire timar seinare.