Hopp til innhold

No har ho gitt ut bok om frukostkunst

Ida Skivenes frå Hyllestad vart raskt kjend over heile verda for sine matkreasjonar. Etter kvart har det blitt fleire spalteoppdrag, og no har også gitt ut bok.

Ida Skivenes lagar kunst av frukosten sin

NO ER BOKA HER: Ida Skivenes frå Hyllestad har gjort karriere av å lage kunst av frukosten hennar, som ho deretter et, sjølvsagt. No er også boka hennar komen i butikkane.

Foto: Ida Skivenes/www.idafrosk.com

Skivenes har over 144.000 følgjarar på bilettenesta Instagram, og kunsten ho lagar av frukosten sin har skapt stor merksemd både i inn- og utland. Ho har tre ulike spalter, blant anna fast spalte i VG. Både der og på Instagram er ho kanskje mest kjend som Ida Frosk. No er også boka hennar om frukostkunsten komen.

– Det er veldig godt å ha boka ute i butikken, endeleg, seier Skivenes.

Både norsk og engelsk versjon

Og dette overveldar ho framleis.

Ida Skivenes lagar kunst av mat
Foto: Ida Skivenes/www.idafrosk.com

– Det er framleis litt absurd. Eg hadde aldri trudd eg skulle bli forfattar no, men det er også veldig godt å sjå korleis det blei. Det har blitt veldig bra, så eg er veldig nøgd og gler meg til å dele det med andre.

Saman med forlaget begynte ho arbeidet i mars. Boka kjem ut både på norsk og engelsk, for det er nødvendig når ein har følgjarar frå heile verda.

– Eg har etter kvart fått eit ganske stort internasjonalt nedslagsfelt, og eg har fått faste spalter både i Danmark og Tyskland, så det er eit ganske stort grunnlag for å ha den på engelsk også, seier ho.

Har meir å hente

Ida Skivenes lagar kunst av frukosten sin
Foto: Ida Skivenes/www.idafrosk.com

Såpass viktig var det for ho å få boka på engelsk at ho starta med prosjektet før nokon hadde kjøpt rettane.

– Eg vil at flest mogleg skal få tak i den fortast mogleg. Difor har eg ikkje gidda å vente på at nokre andre skal kjøpe rettane, vi har berre satsa på å lage den frå første stund på engelsk.

– Har du meir motivasjon igjen til å lage kunst av frukosten din?

– Eg håpar inderleg det, for no har eg teke eit års permisjon frå jobben min i Statistisk sentralbyrå for å jobbe med matkunstprosjekta. Eg skal både halde fram å lage kreasjonane til spaltene mine, og så skal eg halde litt kurs og føredrag og delta på ulike festivalar. Så eg håpar at det er meir igjen, og det trur eg også. Ein kan eigentleg lage kva som helst av mat, berre ein set seg ned og tenker litt, seier Skivenes.