Mann i 50-åra har vore sakna sidan laurdag

Ein mann i 50-åra har vore sakna sidan laurdag kveld, då han la ut på fjelltur i Flåm. Leitemannskapa jobbar måndag ettermiddag med å redusere vasstanden i Brekkeelvi, for å leite etter mannen som politiet no antek er omkomen.

Leiteaksjon Flåm

STORE STYRKAR: Mange er ute for å leita etter mannen i 50-åra som er sakna i Flåm. Leitemannskapa har base på ungdomshuset i bygda.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Politiet har søkt i området langs Brekkeelvi og Brekkefossen heile natt til sundag og heile sundag. Men dei har førebels ikkje fått søkt i Brekkeelvi, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg i politiet.

– Vi søkjer i hamneområdet og i Flåmselvi, og vi førebur søk i Brekkeelvi. Det er noko sikringsarbeid som må til før vi kan gå inn der, vi må m.a. redusere vassmengda. Det er eit krevjande terreng, og tryggleiken til mannskapa kjem først.

Over 100 personar har vore med i redningsaksjonen, og dei har funne sykkelen til mannen.

Men til trass for at store styrkar har leita, har dei ikkje funne turgåaren i 50-åra.

– Vi har då kome fram til at det er mest nærliggande å tru at vedkommande er omkommen, seier Inge Værøy, operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, til NRK.

Den sakna forsvann langs ein sti på veg opp mot Brekkefossen, i bratt og kupert område ved Brekkeelvi. I tidsrommet då han forsvann var det veldig vått og glatt etter mykje nedbør, opplyser Værøy.

– Moglegheitene er at vi kan gjere funn i elva, eventuelt i sjøen ute i Flom.

Både Røde Kors, Sivilforsvaret og redningshundar deltek i søket etter den antatt omkomne mannen.

Leitemannskapa jobbar måndag ettermiddag med å redusere vasstanden i Brekkeelvi i samband med leitinga.

Fann sykkelen

– Me har funne sykkelen til mannen, sa Odd Arve Solvåg, operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, til NRK sundag.

Sundag kveld melder politiet at søket etter den sakna held fram til klokka 21.00. I tillegg vil det vere personell på staden utover natta.

Politimeisteren har teke ei avgjerd på at redningsaksjonen går over i søk etter antatt omkommen i morgon klokka 08.00.

Meldt sakna laurdag kveld

Politiet fekk melding klokka 23.11 om at ein mann i 50-åra var sakna i Flåm. Han gjekk på tur i lokalområdet klokka 1900 og kom ikkje heim til avtalt tid, og då melde familien frå til politiet.

Leiteaksjon i Flåm

SIVILFORSVARET: Sivilforsvaret er med i leiteaksjonen.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

No er det over 100 personar som er med på leiteaksjonen, fortel Solvåg.

Røde Kors, sivilforsvaret, Norske Redningshundar og Hovudredningssentralen på Sola er med på leiteaksjonen, som er leia av politiet.

– Me flyr inn to alpine redningsgrupper no, ei frå Jostedalen og ei frå Hordaland. Det er eit bratt og uoversiktleg område, så ein ser ikkje alt med helikopter, difor må me inn med folk der, seier Bjørn Jarle Åmlid, redningsleiar ved Hovudredningssentralen på Sola.

Er godt kjend i lokalområdet

Leiteaksjon Flåm

STORE STYRKAR: Mange er ute for å leita etter mannen i 50-åra som er sakna i Flåm. Basen for leiteaksjonen er ungdomshuset i bygda.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Målet for turen til mannen var Brekkefossen i Flåm. Det er på vegen opp dit leitemannskapa har funne sykkelen.

I natt var det om lag 20 personar som leita etter mannen, og Solvåg seier dei arbeider med å få tak i fleire som kan vera med i søket utover dagen.

Mannen skal vera godt kjend i lokalområdet, og ha lokal tilknyting.

Laster kart, vennligst vent...