Har funne spor på skjer

Leitemannskap har søndag ettermiddag funne spor på eit skjer mellom Fedjefjorden og Fensfjorden. Politiet trur merka på skjeret kan kome frå båten som er sakna i området. 56-åringen som førte båten har vore sakna i to døgn. – Hovudteorien vår er at han er eit eller anna stad i dette området. Vi leitar etter han på holmar og skjer, seier innsatsleiar Rune Vedeler i politiet.