Hopp til innhold

Har funne over 100 år gamle målemerke ved breane

FJÆRLAND (NRK): For over 100 år sidan blei det laga kors i fjell og steinblokker for å måle brefrontane ved Jostedalsbreen. No dukkar stadig fleire av målemerka opp.

Breforskar Pål Gran Kielland

MERKESTAD: Breforskar Pål Gran Kielland viser fram målemerket ved Supphellebreen.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Her ser ein det. Korset er cirka ti centimeter i diameter, seier breforskar Pål Gran Kielland.

Målemerket han har funne ved Supphellebreen blei laga for nesten 120 år sidan, og fortel kor langt fram breane låg på starten av dette hundreåret.

– Det er litt skattejakt. Det er ikkje så mange som driv med dette. Så når eg først fann korset, var det stort, seier han.

Fleire bitne av basillen

Professor ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen, Atle Nesje, fortel at det var statsgeolog John Bernhard Rekstad ved Noregs geologiske undersøking som i si tid laga merka.

– Hausten 1899 og 1900 reiste han rundt og laga slike fastmerke framfor 13 brearmar rundt Jostedalsbreen. Han ville måle korleis frontane gjekk fram og tilbake.

Korsa blei hogde i fjell eller steinblokker i ein viss avstand til breen. For ti år sidan fann Nesje igjen eitt av merka ved Brenndalsbreen. For han kjent var det første gong merka vart funne att i nyare tid.

Berre i år har det vorte avdekt fleire merke, og no er det funne målemerke ved seks av i alt 13 brearmar.

Fastmerket framfor Brenndalsbreen i Oldedalen

MERKET VED BRENNDALSBREEN: Saman med ein kjentmann oppdaga breforskar og geolog Atle Nesje målemerket ved Brenndalsbreen for kring ti år sidan.

Foto: Atle Nesje

– Det er ein del som er funne igjen no i det siste. Fleire er blitt klar over dei og er bitne av bassilen, ler han.

Funna blir dokumentere og sende til NVE, som tek dei inn i sine register.

Funne seks stader

I ei bok frå 1902 var det beskrive kor merka var og avstanden til breen på den tid. Målemerka har, med unntak av ved Briksdalsbreen på byrjinga av 1900-talet, ikkje vore dekte av isen. Men likevel har dei vore vanskelege å finne att.

– På 120 år har skogen vakse til og det veks mose og lav på steinane. Det er ikkje berre berre å finne merka, seier Kielland.

Pål Gran Kielland

IKKJE LETT Å FINNE: – På 120 år, sidan målemerka blei oppretta, har skogen vakse til og det veks mose lav på steinane. Det er ikkje berre å finne merka, seier breforskar Pål Gran Kielland.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Når fleire merke etter kvart har vorte oppdaga, er dei viktige å dokumentere, påpeiker Nesje.

– Det er kulturminne som er viktige utgangspunkt for bremålinga. Her i Noreg har vi nokre av dei lengste samanhengande måleseriane i verda, det viktig få dokumentert.

Kan framleis brukast

Rekstad fortsette å ha ansvar for målingane fram til 1930-talet, fortel Nesje.

Fastmerket framfor Nigardsbreen

FUNNE VED SEKS BREAR: Det er funne målemerke ved Supphellebreen, Vetle Supphellebreen, Brenndalsbreen, Briksdalsbreen, Nigardsbreen, Stigaholtbreen, fortel breforskar Atle Nesje. Her ved målemerket ved Nigardsbreen.

Foto: Svein Olaf Dahl / UiB

– Då var det andre om overtok. Når avstand til merka vart for stor, etablerte dei andre merke nærare fronten. Men korsa er utgangspunktet for brefrontmålingane.

Framleis kan ein bruke korsa til å måle avstanden til fronten, seier Kielland.

– No kan vi jo ta ut ein GPS-posisjon og samanlikne med dagen front. Då får ein ganske enkelt tal på tilbaketrekkinga på 120 år.