Hopp til innhold

Regnbogeauren truga av ny smittsam sjukdom

Veterinærinstituttet har oppdaga ein ny og truleg smittsam sjukdom på regnbogeaure ved anlegg i Sognefjorden og fleire stader i Hordaland.

Regnbueørret

TRUGA AV NY SJUKDOM: Det som truleg er eit nytt virus er funne på regnbogeaure i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Foto: Nævra, Arne / Nævra, Arne

– Det ser ut som det er ein smittsam sjukdom på regnbogeaure, mest truleg eit virus. Det er ikkje funne i oppdrettssamanheng tidlegare, seier Martin Binde, seniorrådgjevar i Mattilsynet innan fiskehelse og fiskevelferd.

Det var Veterinærinstituttet som først fatta mistanke.

– Vi såg at det var mange fiskar som døydde ved anlegga utan at vi hadde noko forklaring på det, seier fagdirektør for fisk- og skjellhelse ved Veterinærinstituttet, Brit Hjeltnes.

Sjukdomen er funnen ved anlegg i Sognefjorden og ved fleire anlegg i heile Hordaland, men Mattilsynet vil ikkje gå ut med kva anlegg som er råka.

– Først og fremst er det funne ved settefiskanlegg, altså fisk i ferskvatn som seinare skal ut i sjøen, men det er også funne ved stamfiskanlegg og truleg også ved matfiskanlegg, altså fisk som står i sjøen, fortel Binde.

Vil ha svar på sentralt smittespørsmål

Han understrekar at sjukdomen ikkje er farleg for menneske. No arbeider forskarane for fullt for å få meir kunnskap om sjukdomen.

– No skal forskingsmiljøa gjere smitteforsøk for å bevise det vi trur, at sjukdomen er smittsam. Og så er det mange som lurer på om sjukdomen kan smitte over på laks. Foreløpig er det ikkje noko som tyder på det, fortel Binde.

Det blir også arbeidd med å informere alle som er eller har vore i kontakt med anlegga om at det er ein ny smittsam sjukdom til stades.

– Det er særs viktig at ein unngår smitte og at sjukdommen spreier seg til anlegg og område utan sjukdom. Så alle tilsette ved anlegga, brønnbåtar, dykkarar og andre som kan vere i kontakt med fisken må vere varsame. Vi held no fram med kartlegging for å sjå om sjukdomen har spreidd seg, for det har gått fisk ut ifrå dei to involverte fylka, seier Binde.