Hopp til innhold

Har framleis ikkje funne kjelda til salmonellasmitte

Arbeidet med å kartlegga smitteomfanget i salmonellautbrotet held på framleis, opplyser FHI til NRK. Totalt 58 personar er smitta, og 23 personar har vore på sjukehus med salmonellose.

– Me held framleis alle moglegheiter opne og mykje arbeid står att, seier seniorrådgjevar i FHI Heidi Lange.

Dei smita blir intervjua for å kartlegga om de kan ha ein felles smittekjelde.