Hopp til innhold

Tok seg inn i hybelen til den drapssikta

Politiet har i ettermiddag teke seg inn i hybelen til den drapssikta mannen frå Sør-Sudan.

Politi Årdal

GJORDE FUNN: Politiet på veg ut frå huset der den drapssikta mannen hadde hybel.

Foto: Christian Blom / NRK

Ifølgje Bergens Tidende tok tenestemenn seg inn i huset i Øvre Årdal der mannen har budd sidan august i år.

I huset er det mellom anna ein kinarestaurant, fleire hyblar og lokala til Årdal Bingo. Der jobbar Angelica Kivikoski.

– Det er veldig ekkelt å tenkje på kva som har skjedd, seier ho til BT.

Ho har ikkje tidlegare registrert nokon spesielle episodar med dei som har husvære i huset, som ligg midt på Farnes, sentrum i Øvre Årdal.

NRK sin reportar på staden registrerte at politiet hadde med seg ting ut av husværet. Bustaden til asylsøkjaren er no forsegla med tanke på vidare etterforsking.

– Vi leitar etter svar og motiv, seier lensmann Åge Løseth til BT.

Politiet beslaglegger bevismateriale fra siktedes bolig i Årdal.

JAKTAR MOTIV: Politiet med bevismateriale frå hybelen til den sikta.