Hopp til innhold

Planane er der, men løyvinga manglar – no ber foreldra politikarane om nytt badebasseng

I sju år har skuleelevane i Leikanger måtte pendle Sogndal for å få symjeundervisning. No reagerer både foreldre og rektor.

Leikanger barneskule

NYTT BASSENG: Vedtaket er der, men løyvingane manglar. Dermed blir bassenget som er planlagt i Leikanger skubba ut i tid.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Nokre få timar i året har nokre få skuleelevar i Leikanger måtte reise 30–40 minuttar til Sogndal idrettshall for å lære seg å symje.

Sidan store fuktskadar stengde det då 40 år gamle bassenget i kommunen i 2007, har ikkje kommunen sett seg råd til å byggje nytt.

– Dette har gått over så mange år i Leikanger, at vi ikkje når kompetansemåla etter læreplanen, seier rektor Ingunn-Marie Myren.

Må dei til syden?

Rektoren er uroa over utviklinga. For at reisinga ikkje skulle gå ut over den andre undervisninga, vart symjeundervisninga kutta til eit minimum. No er det elevane på 7. og 10. trinn ved Leikanger ungdomsskule får symjeundervisning.

Olav Lunden

PRIORITERINGAR: Ordførar Olav Lunden (Ap) seier politikarane i Leikanger må prioritere pengane dei har.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Foreldreutvalet ved skulen peikar på at desse få timane gjennom skuleåret i svært liten grad gir rom for forbetring av naudsynte symjeferdigheiter.

– No er det faktisk opp til om foreldre tek med seg ungane i basseng på fritida, eller rett og slett reiser på sydenturar for å lære dei skikkeleg å symje, seier rektor Myren.

Har vedteke basseng

Kommunen har bestemt at eit nytt basseng skal byggjast ved ungdomsskulen, der det gamle bassenget no står tomt. Men politikarane har enno ikkje sett av pengar som skal til.

Rektoren Myren forstår at kommunen har eit budsjett å følgje, men:

– Når du bur langs Sognefjorden, så tykkjer eg det er ganske viktig å kunne å symje. Det fløymer over med pengar i Norges land i våre dagar, men vi har ikkje råd til å gje elevane våre undervisning. Det tykkjer eg er underleg.

– Marginal undervisning

Også foreldra reagerer. Leiar i foreldreutvalet, Kristin Rohde, har oppmoda politikarane å å prioritere bassenget i neste budsjett.

Dei argumenterer med dyr og tidkrevjande skyss, oppstykka og stressande skulekvardag for lærarar og elevar, store tap av verdifull undervisningstid og mangelfull naudsynt undervisning.

– Sjølv om dei for så vidt tilbyr symjeundervisning, så er den så pass marginal og ressurskrevjande at det vil vere meir framtidsretta å byggje eit basseng, seier ho.

– Vi må prioritere

Ordførar i Leikanger, Olav Lunden (Ap), seier kommunen ikkje har råd til eit nytt basseng, slik den økonomiske situasjonen er no.

– Det er klart at vi kunne ynskt å ha eit basseng, men det er nye utgifter som vi per i dag ikkje har inntekter til. Det er den harde realiteten at vi må prioritere vekk noko, seier han.