Hopp til innhold

Har enno ikkje vurdert sikting av føraren

Politiet har framleis ikkje teke stilling til om det blir teke ut sikting av føraren av bussen etter brannen i Gudvangatunnelen.

BUSSVRAK:

BUSSVRAK: Slik ser det ut i Gudvangatunnelen dagen etter bussbrannen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Det seier Guro Enger, politifullmektig i Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.

– Det er teke eit avhøyr av bussføraren i dag, men eg har ikkje lese det endå, så det er ikkje teke stilling til dette spørsmålet. Vi må nesten sjå litt meir an kva som kjem fram i avhøyret før vi tek stilling til det, seier ho.

Føraren av bussen som tok fyr i Gudvangatunnelen på E16 har reist heim til Sverige etter avhøyret. Truleg får politiet fleire svar i løpet av morgondagen, ifølgje Enger.

– Vi får vi sjå kva som er lagt på plass i saka i løpet av i dag og morgondagen, seier politijuristen.

Lensmann Magne Knudsen ønskjer ikkje å gå innpå kva føraren har sagt i avhøyret.

– Det er også gjort avhøyr av andre vitne i buss, men det er ikkje kome nokon nye opplysningar utover det vi veit så langt, seier han.

Politiet skal torsdag gjennomføre tekniske undersøkingar i tunnelen.