Hopp til innhold

Har du sett ein slik regnboge før?

Låg sol, regndropar og ei stille vassoverflate kan forklare eit mystisk vêrfenomen på Vestlandet.

Låg sol, regndropar og ei stille vassoverflate kan forklare eit mystisk vêrfenomen på Vestlandet.

REFLEKTERT REGNBOGE: Låg sol, regndropar og ei stille vassoverflate er det som må til for å kunne få ein slik reflektert regnboge.

Foto: Gølin M. Aglen

– Eg har aldri sett det før, og kjenner ikkje til andre som har gjort det heller, seier Egil Melvær.

Onsdag ettermiddag denne veka knipsa han eit bilete av ikkje mindre enn tre regnbogar ved Krokane gard i Florø i Kinn kommune. To av dei ser ut som dei dannar ein V på himmelen.

Det spesielle synet møtte han og kona då dei var på veg for å besøke dottera.

– Kona mi såg det først og vi tok bilete begge to, fortel Melvær.

Regnbogar ved Krokane

SPESIELT SYN: Egil Melvær knipsa bildet av den spesielle regnbogen ved Krokane gard i Florø tidlegare denne veka.

Foto: Egil Melvær / PRIVAT

Må ha låg sol og roleg vassflate

Melvær har lurt på kva fenomenet kan skuldast. Er det ein refleksjon frå fjorden eller eit hol i skydekket?

Statsmeteorolog Lars Andreas Selberg fortel at refleksjon er eit viktig stikkord.

– Han er nok inne på noko, seier Selberg.

Ein vanleg regnboge oppstår når det er regn og sol samtidig. Sola skin gjennom vassdropar i lufta, det kvite sollyset blir brote opp og ein får dei ulike fargane, forklarer meteorologen.

Laster Twitter-innhold

I den kraftigaste regnbogen på biletet, hovud-regnbogen, er lyset brote ein gong. Ved sida av den kan ein sjå den reflekterte regnbogen, som har ein annan vinkel og ser ut som den går gjennom hovud-regnbogen nede ved bakken.

Låg sol, regndropar og ei stille vassoverflate er det som må til for å kunne få ein slik reflektert regnboge.

– Den reflekterte regnbogen kjem av at solstrålane først har blitt reflektert på eit vatn, og deretter treff regndropar og det har skjedd ei lysbryting, fortel Selberg.

Ser ein godt etter, kan ein også sjå ein tredje regnboge over taket på det gardshuset. Her har lyset blitt brote to gonger.

Meteorolog Lars Andreas Selberg ved Vêrvarslingar på Vestlandet

RARE GREIER: – Det er ganske stilig, seier statsmeteorolog Lars Andreas Selberg. Han har ikkje sett noko liknande tidlegare.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Ikkje sett før

Meteorologen kan ikkje svare på om kor vanleg eller uvanleg fenomenet er, men har sjølv ikkje sett det tidlegare.

– Det er ganske stilig, seier Selberg.

Han legg til at Meteorologisk institutt tvitra om eit liknande tilfelle i fjor.

Laster Twitter-innhold

Vil ein sjå regnbogar, er det visse tidspunkt på døgnet som er betre enn andre, fortel han.

– Det beste tidspunktet å sjå regnbogar på er om morgonen og kvelden, når sola ikkje står for høgt på himmelen.