Hopp til innhold

Har du fått dette brevet? Då vil politiet høyre frå deg

Får du eit brev frå advokatfirmaet Hengeler & Latham i Tyskland, vil politiet høyre frå deg.

Brev politiet meiner er svindelbrev

PROFESJONELT: Brevet frå advokatfirmaet er skrive på godt norsk og hevdar at mottakaren si IP-adresse er nytta til ulovleg nedlasting.

Foto: Skjermdump

– Det kan sjå ekte ut, men er openberre svindelforsøk, seier politiførstebetjent Kjell Magne Barsnes i Florø.

Truar med retten

Barsnes har i dag fått om hende to norske brev, der mottakarane blir kravde for 3.770 kroner innan sju dagar som kompensasjon for ulovleg nedlasting av filmar og bilete. Om ikkje truar avsendaren med å ta saka til retten.

Firmaet minner om at strafferamma er bøter på 4.000 – 10.000 kroner, fengselsstraff på 45–90 dagar og erstatning på opp til 120.000 kroner.

– Ut frå dei opplysningar vi har i samband med dine nedlastingar er vi klare til å ta ut stemning til Tingretten. Store kostnader vil påløpe ved å ta dette for retten. Desse kostnadane vil bli belasta dykk i tillegg til det retten vil dømme av bøter og erstatning, skriv dei.

Mottakar er død

NRK har fredag gjort fleire forsøk på å kome i kontakt med firmaet, men møter ein automatisk telefonsvarar som fortel om stor pågang på telefonen og ber oss legge att ei talemelding eller sende ein e-post.

Politibetjent Kjell Magne Barsnes

ÅTVARAR:–Ikkje betal, er åtvaringa frå politibetjent Kjell Magne Barsnes. Dei kontaktar no Økokrim som dokumenterer omfanget av slike svindelbrev.

Foto: Simon Solheim / NRK

Ein av mottakarane av brevet er godt vaksen. Den andre er død. Barsnes er sikker på at brevet er svindel.

– For det første er denne type lovbrot noko som skal etterforskast av politiet, og ikkje noko private selskap skal krevje inn. For det andre er firmaet relativt nystarta. Heimesida er berre ei framside utan annan informasjon enn det som står i brevet, seier han.

Firma registrert i mars

I motsetnad til dei omtala Nigeria-svindelforsøka, virkar brevet profesjonelt.

– Det er ikkje noko å utsetje på språket, dei er bygde ryddig opp og firmaet kan virke legitimt, seier Barsnes.

Firmaet vart registrert i England i mars, med adresse i Tyskland.

– Vi kan ikkje gå ut frå at personen som står som opprettar av firmaet er den som står bak svindelen. No blir det vår oppgåve å finne ut kven som disponerer kontonummeret som er gjeve opp i brevet, seier Barsnes.

– Kontakt politiet

I fjor vart det kjent at eit dansk advokatfirma sende ut liknande brev til nordmenn som lasta ned film ulovleg. Då bad Forbrukarrådet og IKT Norge om at det vart slutt på dei «skremmande» og «aggressive» breva .

Skilnaden på desse breva og breva politiet i Florø fekk hand om, er at danskane viste til konkrete filmar. Det gjer ikkje brevet frå det tyske firmaet.

Barsnes ber mottakarar av brevet kontakte det lokale politiet.

– Dei må i alle fall ikkje betale. Vi forstår at enkelte kan oppleve det som ubehageleg å kontakte politiet om dei får slike brev, men det viktig at vi får dokumentert omfanget, seier han.