Hopp til innhold

Har drive hotell gjennom krigar og kriser i 380 år – koronakrisa kan bli verre

SOLVORN (NRK): Landets eldste hotell har husa gjester gjennom verdskrigar og internasjonale kriser. No bur Walaker Hotell seg på det som kan bli deira mest krevjande sesong.

2ExlDYjA2r4

LANG HISTORIE: Familien Nitter har drive hotellet i Sogn sidan 1690, og Ole Henrik Nitter Walaker er niande generasjon hotellsjef.

Foto: Roar Christiansen / Roar Christiansen

Men fredag fekk hotellsjef Ole Henrik Nitter Walaker ei hjelpande hand då finansminister Jan Tore Sanner (H) presenterte råskissa for å hjelpe eit hardt prøvd næringsliv.

Regjeringa legg opp til ei ordning som vil koste mellom 10 og 20 milliardar kroner i månaden for å dekkje ein del av bedriftene sine faste kostnader.

– Det er sjølvsagt ei hjelp, men eg trur ikkje det er nok. For det som er viktig for realøkonomien no er at verksemdene har kapital og tørrt krut når ting normaliserer seg, seier hotellsjefen.

Krevjande tider

Walaker er budd på si tøffaste tid nokosinne som sjef ved hotellet i Solvorn.

Tysdag blei kjent at dei mest inngripande tiltaka i fredstid, skal vidareførast til over påske. Med ei arbeidsløyse ein ikkje har opplevd sidan 1930-talet, vitnar det om svært krevjande tider for næringslivet. I reiselivskommunane Aurland og Stryn har hundrevis av permitteringsvarsel gått ut dei siste vekene.

– Vi har budsjettert med «ikkje fornuftig» drift dei neste fem kvartala. Då blir det neste år vi kjem i full drift, seier Walaker.

– Omtrent ingenting igjen

Det ærverdige hotellet i Solvorn i Luster feirar 380 år. Etter planen skulle dei ha opna dørene like over påske.

Ole Henrik Walaker, Walaker hotell

FØREBUDD: – Eg trur ikkje Walaker Hotell er den som har det tøffast no. Om eg skulle tippe at me kjem på halvparten av fjorårets sesong, så trur eg me må sei oss nøgde, fortel Ole Henrik Nitter Walaker.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

– Me har drive hotell her sidan 1640 og opplevd nokre kriser, mellom anna to verdskrigar. Me kan sjå heilt attende til korleis bybrannen i London i 1666 medførte at me fekk lite gjester frå London og korleis napoleonskrigane prega besøkstala frå Europa. No spørst det kor kraftig denne pandemien kjem til å bli, om dette her blir verre.

Det som skulle bli ein rekordvår, fekk med korona-pandemien ei ny og drastisk vending.

– Me hadde mange bestillingar i siste halvdel av april og rekordmange bestillingar i mai, no er det omtrent ingenting igjen, seier Walaker.

Tidlegare har NRK fortalt om den same korona-frykta også i reiselivsbygda Flåm. Der er dei redde for oppseiinger og fall konkursar.

– Det er trist i reiselivsnæringa no. Alle har stengt eller delvis stengt. Mange er fortvilte, seier Wenche Salthella, som er bransjesjef i NHO Reiseliv.

Livsverket sett på vent

I Aurland har ekteparet Tone Rønning Vike og Bjørn Vike dei siste seks åra bygd opp gardshotellet 29/2 Aurland. Eit berekraftig konsept som har gitt dei internasjonal merksemd, men som, med den pågåande pandemien, har fått ein smertefullt bråstogg.

Tone Rønning Vike

TØFF TID: Tone Rønning og 29/2 Aurland går ei tøff tid i vente. – No håpar me at nordmenn finn vegen til oss og dei andre gøymde perlene i Noreg.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Me var endeleg i gang med det som skulle bli eit godt år, med dobla sal dei første vintermånadane. Ein har mange tøffe tak som gründer, med kveldar ein ikkje får sagt god natt til ungane og dagar ein møter veggen. No såg me endeleg fram til å kunne tilsette folk, men alt blir sett på vent, fortel Rønning Vike.

Regjeringa har tidlegare varsla at det vil etablerast låne- og garantiordningar på minst 100 milliardar kroner.

Reiselivsdirektør i Bergen, Anders Nyland, berømmer styresmaktene for at dei gjer tiltak, og trur krisepakken som vart presentert i dag er til stor hjelp for dei med akutte likviditetsproblem.

– Men det er for tidleg å konludere med om det er nok, seier han.

Også Walaker er nøgd, men avventande.

– Det som er viktig for realøkonomien er at bedriftene har kapital og tørrt krut når ting normaliserer seg. Ein må ha cash til å bestille handverkarar for stoppar vedlikehaldet, så får du stort etterslep, seier han.

Ventar i spenning

Om ei veke kjem Sanner tilbake til innretninga og detaljane i krisepakken. Walaker ventar i spenning.

– Tek dei alle faste kostnader, eller ein prosentsats. Kva av dei faste kostnadane tek dei, og er det eigentleg ettergjeving eller berre utsetjing? Å utsetje faste kostnader er som å pisse i broka. Då har du ein kostnad du må dekkje seinare, seier han.

– Her må det vere snakk om total ettergjeving av faste kostnader, legg han til.

Fryktar reiseliv på billegsal

I Aurland har romma ved strandkanten tradisjonelt fordelt seg jamt mellom norske og utanlandske gjester. I år spår Walaker at nordmenn kan bli redninga.

– Me har hatt mykje nordmenn her tidlegare også. Men dei internasjonale gjestene er ofte tidlegare ute med bookingane sine og pressar nærast dei norske ut.

Sjølv om Walaker anar håp i at dette kan bli sommaren der nordmenn søkjer til lokale destinasjonar, åtvarar han mot verkemidla han fryktar vil bli nytta i kampen om gjestene.

– Alle som driv med masseturisme vil truleg byrje med tilbod for å få varme senger. Mi sterke oppmoding blir derfor at ein held prisane slik det er sett, og ikkje set dei ned på eit slikt nivå at ein øydelegg for resten av næringa.

Walaker Hotell anno 1856

WALAKER HOTELL ANNO 1856: Det ærverdige familiehotellet i Solvorn har husa gjester hendingar som har prega verdshistoria dei siste 380 åra. Sommaren 2020 vil med den pågåande pandemien også gjere seg merka for ettertida.

Foto: Walaker Hotell