Hopp til innhold

Har designa fylkesvotten

Åshild Dombestein heldt på å gi opp då ho designa fylkesvotten. No sel Husflidslaget Sogn Fjordane mønsteret hennar til ivrige strikkarar.

Åshild Dombestein og fylkesvott, fylkessokk
Foto: Harald Kolseth / NRK

– Mønsteret til votten laga eg til landsmøtet i Norges Husflidslag i 2012, som var i Førde, seier Dombestein.

Votten ho viser fram har svart botn, og mønsteret viser ei stilistisk gjengjeving av ei revebjølle. Revebjølla er fylkesblomen til Sogn og Fjordane.

Fylkesvotten

STOLT: – Det er ikkje vanskeleg. Det er berre å telje og strikke rett, seier Dombestein. Ho innrømmer at ho er stolt over designet.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Seinare designa ho også ein fylkessokk, og begge mønstera har ho gitt Husfliden rettane til å selje. Opphavleg var botnfargen blå og offwhite.

– Men, dei som vil strikke vel sjølv kva fargar dei meiner er best.

Det var ikkje berre enkelt få til mønsteret.

– Eg sleit litt undervegs, og tenkte «dette får eg ikkje til».

Då fekk ho støytte av fylkeskonsulenten i Husflidslaget, som hadde tru på at ho skulle greie det.

Revebjelle

FYLKESBLOM: I 1980-åra begynte arbeidet med å finne fylkesblomar i Noreg. Dei utvalde plantene skulle karakterisere fylket dei representerer.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

– Og eg greidde det, seier Dombestein.

Meiner dei er for fine til å brukast

Dombestein seier ho har høyrt at folk ikkje vil bruke sokkane, fordi er redde for å slite dei ut.

– Nokre seier at «dei har ikkje råd å bruke dei», men dersom ein strikkar med godt garn, skal det ikkje vere noko problem, seier ho.

Dombestein driv mykje med handarbeid. I det siste har ho gått på kurs i bunadssying, og no held ho på med å sy bunadar til barnebarna sine konfirmasjonar.

Fylkesvott, fylkessokk

SLITESTERK DESIGN: Så lenge du brukar kvalitetsgarn.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det gir meg veldig mykje å drive med allslags husflidsarbeid. Og det er så viktig å lære opp ungar, så dei òg kan få glede av det, seier ho.

Populær på Instagram

Fleire har lagt ut bilete av sine eigenstrikka fylkesvottar og fylkessokkar på Instagram. NRK har fått lov til å gi att nokre av dei her: