Har brukt 30.000 kroner på billettar for å sjekke lyden på bussen

FØRDE (NRK): I to år har Lars Erik Sundal reist med buss for å sjekke om haldeplassar blir varsla over høgtalaranlegga. Dette er viktig for blinde og svaksynte.

Lars Erik Sundal kjøper billett på bybussen i Førde.

REISER RUNDT: Lars Erik Sundal har reist mykje med buss dei to siste åra for å sjekke om bussane har opprop av stoppestadane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Alle bussturane har kosta både tid og pengar. Han har betalt alt av eiga lomme.

– Eg har brukt omlag 30.000 kroner. Tid har eg ikkje rekna på, men eg har brukt mange timar i to år, fortel Lars Erik Sundal.

For ikkje alle har like lett for å ta seg fram, og sjølv det å ta bussen kan by på utfordringar om ein er blind eller svaksynt. Alle bussar i rute skal ifølgje forskrifter ha automatisk opprop for haldeplassar.

For to år sidan fortalde NRK om ein mann på Leikanger som hadde problem med å ta bussen fordi stoppestadane ikkje blei annonsert over høgtalaranlegget i bussen.

Har synsproblem sjølv

Sundal bestemte seg for å sjekke om det slik andre stader også. Han seier målet er at dei svakaste skal få ein enklare kvardag.

– Eg er oppvaksen med ein far som såg dårleg, og no har eg fått synsproblem sjølv. Ein veit aldri når det rammar ein sjølv.

Det har blitt mange turar for å finne ut om busselskapa følgjer forskrifta om universell utforming. Bussturane har i hovudsak vore i Sunnfjord, men også i andre delar av Sogn og Fjordane. Sundal har registrert der haldeplassane ikkje blir ropt opp.

– Dette er ei lovpålagd teneste som skal vere for blinde og svaksynte, men også for at andre skal vite kvar dei er til einkvar tid.

Denne dagen sit Sundal på bybussen i Førde, Her er lyden på slik han skal vere. Med seg på turen er dagleg leiar Martin Malkenes i Norges Blindeforbund i Sogn og Fjordane. Dette er ei sak som engasjerer dei.

– Det betyr mykje for ein del folk, og dette må vi sjå til er i orden, seier han.

Martin Malkenes og Lars Erik Sundal på bybussen i Førde

SJEKKAR BUSSANE: På denne turen er Martin Malkenes (t.v) i Blindeforbundet med når Lars Erik Sundal tek bussen.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Viktig å legge til rette

Fylkeskommunane har ansvar for kollektivtransporten. Pressekontakt Ingrid Dreyer i Skyss/Kringom seier det har vore utfordrande å finne eit rett lydnivå på haldeplassoppropa.

– Andre kundar har klaga på at volumet har vore for høgt. Resultatet har vore i ein del tilfelle at anlegget har blitt skrudd av. Dette har vi følgt opp og har saman med busselskapa funne løysingar med eit godt lydnivå slik at dette verkar som det skal.

Også transport-tenesta Ruter jobbar målretta for gjere transport-tilbodet så brukarvenleg som mogleg for dei med fysiske utfordringar. Pressevakt Sofie Bruun fortel at dei har hatt eit tett samarbeid med Blindeforbundet i fleire prosjekt.

– Det er jo viktig at vi legg til rette for fleire typar utfordringar slik at alle kan nytte kollektiv-tilbodet, seier ho.

– Dessutan har vi automatisk opprop på haldeplassar både på T-bane, og bussane våre.

Sofie Bruun

PRIORITET: Sofie Bruun i Ruter fortel at dei har samarbeida tett med Blindeforbundet for å gjere transport-tilbodet så brukarvennleg som mogleg.

Foto: Knut Erik Solhaug/NRK

Busspassasjer Lars Erik Sundal fortel at opprop av haldeplassar har blitt mykje betre på bussane.

– Men det er ikkje heilt i mål enno, seier han.