Har blitt fråstole båtmotorar for titusenvis

Fire påhengsmotorar i forskjellig storleik har forsvunne frå båthamna på Flatraket i Selje kommune i løpet av påska.

Båt med stolen påhengs, Flatraket, Selje kommune

BORTEVEKK: Her skulle det ha hengt ein påhengsmotor, men den har nokon tatt med seg.

Foto: Øyvind Nygård

– Vi merka det i dag tidleg. Den største som er vekk er ein 40-hestar og dei veg over 100 kilo, seier Øyvind Nygård i Flatraket småbåtlag.

Dei fire motorane varierer i storleik får 9,9 hestar til 40 hestar og har ein samla verdig på godt over 100.000 kroner. Båthamna har bilveg heilt ned til båtplassen og Nygård trur dei skuldige tok med seg motorane natt til onsdag.

– I går vart det sett at ein tralle låg på botnen av havet her. Den kan ha blitt brukt for å trilla motorane, seier Nygård.

– Vi har ikkje hatt tjuveri av påhengsmotorar før her, men det har forsvunne bensin tidlegare, legg han til.

Ikkje fleire meldingar

Tjuveriet av båtmotorane er meldt til politiet, som så langt ikkje har fått inn melding om at det har forsvunne påhengsmotorar andre stadar i fylket.

– Men det betyr ikkje at det ikkje har skjedd. Mange melder inn til oss på nettet og det ser eg ikkje i loggen min. I tillegg er mange bortreist i påska så søndag og måndag er ofte dagane der vi får melding om ting som er vekke og innbrot, seier operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Bjarte Rebnord.

Båt med stolen påhengs, Flatraket, Selje kommune

FLEIRE: Slik såg fleire av båtane ut, etter påhengsmotoren har blitt tatt.

Foto: Øyvind Nygård