Hopp til innhold

Har bestemt å byggje ned oljebasen

Statoil si leiargruppe har i dag bestemt at nedbyggingsplanane ved forsyningsbasen i Florø skal gjennomførast.

FJORD BASE - FLORØ

RASJONALISERER: Statoil vil endre seglingsmønster og rasjonalisere drifta på basane. Det kan få store følgjer for oljebasen i Florø.

Foto: Photographer HARALD M. VALDERHAU / Harald M. Valderhaug

Det skriv Firda. Informasjonssjef Ørjan Heradstveit seier dette er ei endeleg avgjerd som ikkje skal til handsaming i styret eller andre organ.

– No handlar det om førebuingsfasen fram til endringane blir sette i verk, seier han.

Statoil har varsla at dei vil leggje ned mykje av forsyningsaktiviteten frå oljebasen i Florø frå sommaren 2015. 250 arbeidsplassar kan forsvinne frå kystbyen.

Måndag hadde fylkesordførar Åshild Kjelsnes, representantar frå Flora kommune og stortingsbenken møte med Olje- og energidepartementet, som lovar ta ein ny gjennomgang av konsesjonsvilkåra når det gjeld oljebasen i Flora.

Fylkesordføraren oppmodar politikarar og næringsliv i fylket om å kjempe for arbeidsplassane i Florø.

– Statoil rikkar seg ikkje, og køyrer sitt løp. Dei tek ikkje omsyn til argumenta våre om samfunnsansvar, og at vi meiner dei går utanom konsesjonskrava. Dei prøver seg, og det er ikkje første gongen, seier Kjelsnes til Firda.