Hopp til innhold

Har avdekka store svakheiter rundt cruisekaia i Olden

Ei svak fylling gjer at det er fare for utvasking av grunnen ved cruisekaia. No må Stryn kommune og Nordfjord Havn ut med millionar for å sikre området.

Cruisekaia i Olden frå turistskip

MILLIONUTGIFTER: Det vil koste Stryn kommune og Nordfjord hamn mange millionar kroner å utbetre grunnforholda ved cruisekaia i Olden.

Foto: Olav Jakob Tveit

– Konklusjonen er at vi må vere veldig forsiktige med å belaste fyllinga. Det er ein viss fare for at det kan rase ut, seier leiar Stig Oldeide i hamnestyret i Nordfjord Havn IKS.

Norconsult, har på oppdrag frå Nordfjord hamn, undersøkt grunnforholda ved cruisekaia.

Resultatet er nedslåande. Det er ikkje råd å fastslå kor stabil fyllinga i fjorden faktisk er. Nordfjord hamn vert difor råda til å ikkje utsette fyllinga for ei større belastning enn det den alt vert utsett for.

Yrande folkeliv i Olden då «Independence of the Seas» og «MS Queen Elizabeth» vitja cruisekaia

SVAKE FYLLINGAR: Undersøkingar viser at fyllingane ved kaia er gamle, massen er ueigna og det er fare for utvaskingar.

Foto: Birger Meland / NRK

– Ein kan sjå at det er søkk i grunnen i dag, seier Oldeide.

Risikerer utvasking

Kvart år legg titals cruiseskip til kai Olden. Om lag 80.000 turistar er venta i år. Både bak sjølve cruisekaia og ved sidan av kaia er det fyllingar i fjorden.

Plan- og næringssjef i Stryn kommune Geirmund Dvergsdal vedgår at det ikkje er noko god kjensle å ikkje vere hundre prosent sikre.

Geirmund Dvergsdal

BETENKT: Plan- og næringssjef Geirmund Dvergsdal i Stryn kommune tok imot ein nedslåande rapport om forholda ved cruisekaia i Olden.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Rapporten viser at den massen som ligg i fyllinga ikkje er eigna. I tillegg er sjølve opplegginga av fyllinga for dårleg, så ein risikerer utvasking. Områda har absolutt svakheiter, seier Dvergsdal.

– Kva synest du om at det er avdekka såpass store svakheiter ved kaia?

– Det er sjølvsagt betenkjeleg, når vi veit kor stor trafikk det er i området sommarstid. Difor er det viktig å få gjort utbetringar som sikrar at det ikkje skjer noko, seier Dvergsdal.

Millionutgifter

No må massen i fyllinga bli skifta ut og fyllinga skal gjerast mindre bratt. I tillegg må ein byte ut pullertar ved kaia.

– Er det trygt å bruke kaia i dag?

– Ja, det vil eg absolutt seie, men på eit eller anna tidspunkt er det på tide å gjere noko, fastslår Dvergsdal.

Medan Stryn kommune eig området, er det Nordfjord Havn som står for drifta av cruisekaia. Begge får no millionutgifter med å utbetre området.

– Vi har som mål å vere ferdig med fyllinga nord for kaia, samt å skifte ut pullertar innan sesongen startar, seier Oldeide.

Første cruiseskip legg til kai 28. april.