Hopp til innhold

Har aldri vore så god - jaktar VM-gull

SJUSJØEN NRK): Tarjei Bø har lagt bak seg det han sjølv kallar ei optimal oppkøyring. No er han ute etter eit nytt VM-gull.

Tarjei Bø gjer seg klar til skyting

GODT FØREBUDD: Tarjei Bø har endeleg fått lada opp til ein sesong akkurat slik han vil. No er han klar for å jakte edelt metall på heimebane.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg vil seie det er optimalt. Ingenting har gått skeis, eg har ikkje hatt nokon avbrekk, og eg har fått gjort alt eg skulle. Kroppen har takla treninga og respondert godt, seier Tarjei Bø.

Han er kanskje i betre form enn nokon gong. Det burde skremme vatnet av dei fleste konkurrentane. For trass i ein rufsete sesong i fjor, enda stryningen opp med fem bronsemedaljar i VM. No er han ute etter VM-gull i Holmenkollen.

Det klarte han sist for snart tre år sidan - på fellesstarten i Nove Mesto.

– Det store målet er VM på heimebane. Og eg går alltid for gull i meisterskap, seier han.

Har klart å halde seg frisk heile sommaren og hausten

Han gjennomførte fredag den siste treningsøkta før sesongstarten på Sjusjøen. Treningsdagboka syner at 27-åringen har fleire treningstimar i sommar enn dei siste åra.

– Det heng saman med at eg har halde meg frisk. Eg har brukt mai, juni og juli på grunntrening. Så no trur eg at grunnlaget er betre enn før, seier Bø.

– Så eg er nok betre enn nokon gong. Iallfall er føresetnadane betre. Så spørst det om eg blir ein betre skiskyttar, eller om andre slår meg likevel, smiler han.

Johannes Thingnes Bø i liggande skyting

OFFENSIV: Johannes Thingnes Bø er tittelforsvarar på sprinten i VM, og har lyst til å vinne meir.

Foto: Rune Fossum / NRK

Håpar VM i Oslo blir eit høgdepunkt i karrieren

Saman med Johannes Thingnes Bø var han ein av dei mest ettertrakta på det tradisjonelle pressetreffet før sesongstarten. For også den yngre broren har ambisjonar om VM-gull. Igjen.

Johannes Thingnes Bø sikra seg gullet på VM-sprinten i Kontiolahti sist sesong.

– Det er spennande å sjå kor god eg blir. Eg er meir i forsvarsposisjon i år, men har lyst å vinne meir - og det er om å gjere å klare det i VM, seier 22-åringen.

– Eg håpar VM på heimebane kan bli eit høgdepunkt i karrieren, legg han til.

Landslagssjefen forventar store ting frå Bø-brørne

Landslagssjef Morten Aa Djupvik veit at begge nordfjordingane er gode nok til å ta gull.

– Du tek ikkje gull på første moglegheit utan at du har potensial. Og Johannes har hovud til å klare det igjen, seier han.

– Samstundes har Tarjei lagt eit godt grunnlag for å spisse formen. Han bør bli betre i år enn i fjor, seier Aa Djupvik.

Skiskyttarane sesongopnar laurdag med sprint på Sjusjøen. Søndag er det klart for fellesstart. Verdscupopninga er lagt til Østersund om to veker.

Johannes Thingnes Bø testar skiparken

HEKTISK: Johannes Thingnes Bø brukte mykje tid på å bestemme seg for kva skipar han skal gå på i sesongstarten.

Foto: Rune Fossum / NRK