Sjufjellsturen er ei kraftprøve over sju (!) toppar i Førde og tek mellom 12 og 14 timar. Turen skulle eigentleg gå den 13. juni, men arrangørane måtte gå til det tunge steget og avlyse heile greia.
– Vi fant ut at det kunne bli ein tung tur viss vi skulle gå i snø halve dagen, seier turleiar Kjell Kleiven.
- Les også:
- Les også:
– Hadde ikkje anna val
Med avlysinga vart ei rekkje på 21. turar broten. Kleiven innrømmer at det sat langt inne.
– Det er ein tur vi har gått uansett vêr i alle år. Det har vorte ein prestisjetur og det er litt rart å måtte avlyse den. Men med slike forhold som i år, så hadde vi ikkje noko anna val, seier han.
Tidlegare har det gjerne kunne vore snø på toppane. Men i år ligg snøen langt ned under tregrensa fleire stader.
– På toppane trur eg at snøen vil kunne bere, men kjem du ned i låglandet er snøen meir rotten og du vil kunne bryte igjennom, opplyser Kleiven.
Rekordmykje snø
Han seier han aldri har opplevd slike snømengder. Det er også ein av grunnane til at avlysinga i år ikkje vil få følgjer for korleis dei arrangerer turen i framtida.
– Det han hende vi vil legge den til helga rundt jonsok, ei veke seinare, noko vi òg har gjort tidlegare. Men eg reknar med at dette ikkje er noko som vil skje kvart år, seier Kleiven.
– Eg kjenner bønder som er 60–70 år og seier det aldri har vore i nærleiken av så mykje snø som i år.