Hopp til innhold

Har aldri hatt så mange kaos-oppdrag på vegane som i år

Politiet og yrkessjåførar fryktar vintervedlikehaldet på fylkesvegane våre er i fritt fall. Bremanger-politiet har aldri hatt så mange utrykkingar til vegkaos som i år.

Utrykking til lastebilkaos i Bremanger

LASTEBILKAOS: Førre veke måtte Espen Gulliksen rykke ut etter at fleire lastebilar stod bom fast i Bremanger.

Foto: Artur do Carmo / NRK

– Vi har sjeldan hatt så mange utrykkingar til kaos på vegane i Bremanger som dei siste vekene. Samstundes høyrer eg frå mange som er sinte og frustrerte over dårleg vinterberedskap, seier tenestestadsleiar Espen Gulliksen.

To gonger denne veka har det vore kaotiske tilstandar på vegane i Bremanger. Onsdag var det så glatt at folk hadde vanskar med å stå oppreist. Bilar som skulle stogge for køen, segla rett i autovernet.

Espen Gulliksen, politiet i Bremanger

KRITISK TIL BRØYTEBEREDSKAPEN: Tenestestadsleiar Espen Gulliksen i Bremanger har rykka ut til mykje kaos på vegane i år.

Foto: Raymond Lidal / NRK

På fylkesveg 615 mellom Svelgen og Ålfoten var vegen stengd to gonger på grunn av bilberging. – I dag kunne eg gått på skøyter heimanfrå og ned til Osen, sa pendlar Dag Kjetil Storøy.

Espen Gulliksen seier at han sjølv kan skrive under på at vintervedlikehaldet til tider er for dårleg.

– Dei kritiske punkta er den vanskelege oppstigninga frå Svelgen, ved Oldeidstunnelen, og dalen gjennom Ålfoten. Der har det vore problematisk i år, seier Gulliksen.

Saknar strøing

Lensmannen vil ikkje fordele skuld, men seier både brøytinga og strøinga er for dårleg.

– Saka er samansett. Problema skuldast også dårleg veg. Nokre skuldar på utanlandske sjåførar på dårlege dekk. Men dei fleste køyrer lovleg på lovlege dekk, seier Gulliksen.

– Folk skuldar også på ny entreprenør som dei meiner ikkje har god nok lokalkunnskap, seier lensmannen.

Bussjåfør Are Håkon Aarseth i Firda billag meiner vintervedlikehaldet er blitt dårlegare enn før. Brøytinga er grei, men han etterlyser meir strøing.

Torsdag sat han med hjartet i halsen på ein såpeglatt veg mellom Davik og Svelgen. Entreprenøren hadde ikkje rukke å strø vegen med sand.

– Her som eg køyrer saknar vi verkeleg meir strøing. Den førre entreprenøren strødde meir. Eg har teke dette opp med Veidekke, men føler at dei ikkje høyrer på det eg seier, seier Aarseth.

Skal sjå på det

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier dei skal ta seg til kritikken og sjå om det er noko som kan betrast.

– Viss det viser seg at vedlikehaldet ikkje er i samsvar med kontrakten, så er det ei sak vi må ta opp med entreprenøren, seier Finden.

– Det var betre før, seier Bremanger-folk. Er krava til vintervedlikehald blitt færre?

– Nei, krava er ikkje blitt endra på. Det kan jo vere at arbeidet er utført betre før, eller at det er lokale verforhold som har slått til. Vi veit at når vêrsituasjonen held på, er det vanskelegare å halde oppe kvaliteten på vedlikehaldet, seier Finden.

Avdelingsdirektøren seier det ikkje skal vere skilnad på om entreprenøren er lokal eller ikkje.

– Vedlikehaldet skal utførast i samsvar med kontrakten uansett, seier Finden.