Hopp til innhold

Har aldri gjort skade i Noreg – er likevel svartelista

Pukkellaksen, som har dukka opp over heile landet den siste veka, er ikkje velkommen i norsk natur. Men ein veit ikkje heilt kvifor den er så farleg.

Pukkellaks

PUKKEL: Spesielt hannlaksane kan ein kjenne att på pukkelen på ryggen. Dei har ikkje gjort store skader, men forskarane seier det er risikabelt å ha den i norske vassdrag.

Foto: Naturtjenester i Nord / Rune Muladal

Eva Thorstad

RISIKO: Forskar, Eva Thorstad, seier pukkellaksen kan verke negativt på norsk natur.

Foto: Privat

– Den er svartelista som høg risiko. Når dei blir mange er det større fare for at det kan få negative konsekvensar på norsk natur, seier forskar, Eva Thorstad i Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Russarane sette ut laksen ved Kolahalvøya på 50-talet og fisken har eksistert i Nord-Noreg i om lag 50 år. På dei åra har ikkje laksen gjort noko skade på det biologiske mangfaldet. Likevel er den uønskt.

Er ikkje sikre på konsekvensane

Fisken konkurrerer ikkje om maten med andre fiskar. Men ifølge Eva Thorstad i NINA, er ein redd det kan bli kamp om gyteplassane, sidan den gyter på dei same stadene som laks og aure. Rune Muladal, som har jobba med pukkellaksen i om lag 20 år trur ikkje det er problemet.

Pukkellaks

PRIKKAR: Ein kan kjenne att laksen ved at den har prikkar på halefinnen og er glattare enn vanleg laks.

Foto: Naturtjenester i Nord / Rune Muladal

– Pukkellaksen gyter på eit tidlegare tidspunkt enn andre laks, så dei er ikkje i konkurranse, seier han.

Men når bestanden blir veldig stor, kan det bli problematisk, ifølge Muladal. Pukkellaksen gyter berre kvar andre år, men dei døyr rett etterpå.

– I Russland har ein dømer der laksen har fått soppdanningar som kan påverke annan fisk, når store bestandar døyr, seier han.

No kan det sjå ut som bestanden vi har i Noreg er blitt større.

Fleire har overlevd

Det er ikkje uvanleg å fange opp nokre få pukkellaksar om året. Den store mengda i år kom overraskande på forskarane i NINA. Over 200 laks er meld inn der dei siste ti dagane, og Thorstad trur det er enda fleire.

– Det kan tyde på at pukkellaksen har hatt gode forhold i havet dei siste åra, seier Eva Thorstad.

Muladal trur klimatiske forhold kan ha slått positivt ut for denne laksetypa, som opphavleg held til i Stillehavet.

– Det har vore varmare i sjøen, og fleire har greidd å overleve, seier dagleg leiar, Rune Muladal i Naturtenester i Nord.

Rune Muladal

HOLDE DEI I SJAKK: Rune Muladal har hatt med den spesielle laksen å gjere i 20 år. Sjølv om den ikkje har gjort skade på norsk natur, meiner han ein bør halde bestanden i sjakk.

Foto: Naturtjenester i Nord / Rune Muladal

– Vart veldig overraska

På fisketur i Naustdal, fekk 13 år gamle Johanna Nesbø den uvanlege fisken på kroken. Allereie då det nappa, skjønte ho at dette var noko spesielt.

Fekk pukkellaks

SUSHI: Desse jentene frå Flåm skal lage sushi av pukkellaksen dei drog opp i Naustdal.

Foto: Privat

– Han sprella veldig mykje, og eg skjønte dette ikkje var ein vanleg laks, seier ho.

Kusina hennar, Sina Nesbø, blei veldig overraska då ho skjønte kva dette var.

– Eg lurte lenge på kva det var, og så fekk eg vite at dette var ein innvandrar frå Russland, seier Nesbø.

Sjølv om fisken ikkje er ønska, er den rekna for å vere ein god matfisk utanfor gytinga. I Russland er rogna ei delikatesse, og jentene skal lage sushi av fangsten sin.