Hopp til innhold

Marit (15) må starta sitt eige firma fordi ho er blitt så populær

Over ein halv million menneske over heile verda følgjer med på bileta Marit Isachsen (15) legg ut.

Over ein halv million menneske over heile verda følgjer med på bileta Marit Isachsen (15) frå Bergen legg ut på Instagram.

VIDEO: Marit (15) har ein halv million følgjarar på bloggen sin og Instagram (Foto: Privat).

– Eg får dagleg meldingar om at eg er helten til folk og at dei ser opp til meg og slikt. Det er ganske rart for meg som er ei heilt vanleg jente frå Bergen, seier Isachsen.

Instagram er ein applikasjon for smart-telefonar der ein legg ut bilete slik at andre kan sjå dei og gje tilbakemeldingar.

Det var mykje snakk om appen etter Instagram-opprøra i Göteborg i fjor. Talet på brukarar av appen har eksplodert til over 100 millionar dei siste åra.

Instagram-stjerne

Isachsen legg ut sjølvportrett og bilete av kle og sko. Ho har to kontoar. We_fashion er ein konto som handlar om mote og har 420.000 følgjarar. I tillegg har ho også 80.000 menneske som følgjer hennar private Instagram-konto.

– Eg er ikkje ein kjendis akkurat, men eg har fleire gongar fått meldingar frå folk som har kjent meg igjen på gata, men ikkje turt å seie hei. Det er eigentleg litt koseleg synest eg, seier 15-åringen.

Suksessen på Instagram har ført til veldig mykje merksemd. Akkurat no har Isachsen over 2400 beskjedar i innboksen sin som ho ikkje har hatt tid til å svare på.

– Dei fleste er veldig positive, så eg prøvar å vere positiv tilbake, fortel 15-åringen.

Starta eigen business

Med 500.000 følgjarar har det også opna seg ein mogelegheit for business. Mange motebutikkar på nett vil at Isachsen skal leggje ut bilete av deira produkt.

– Eg tener ein del på dette, men eg trur ikkje eg vil seie kor mykje. Det er blitt såpass mykje at eg i år må starte mitt eige firma, seier 15-åringen.

Pengane tener ho ved å legge ut bilete for butikkar som sel sko og kle på internett og fortelje kvar ein kan få kjøpt produkta ho legg ut bilete av.

– Butikkane tar kontakt og spør om eg kunne tenkje meg å legge ut bilete for dei. Eg har faste prisar, og dei betalar per bilete eg legg ut. Betalinga kan vere pengar eller klede, fortel Isachsen.

Marit Isachsen

EIGE FIRMA: – Eg tener ein del på dette. Det er blitt såpass mykje at eg i år må starte mitt eige firma, seier 15-åringen (Foto: Privat).

Sparar til hus og bil

Butikkane begynte å ta kontakt då 15-åringen runda 180.000 følgjarar. Første gongane ho tok betalt for å legge ut bilete laga ho kontraktar som butikkane måtte skrive under.

– Eg ville ikkje bli lurt og fekk hjelp av mamma og pappa til å lage kontraktane. Men eg har ikkje kontraktar no lenger. Eg berre ventar til pengane er på konto før eg legg ut bilete, fortel Isachsen.

15-åringen fortel at ho seier nei til dei butikkane ho ikkje føler passar inn på hennar konto.

– Over halvparten av pengane går inn på sparekonto slik at eg kan kjøpe meg bil og hus om nokre år. Ein må alltid hugse å spare til slike ting, seier Isachsen.

Vil jobbe med kunst

Isachsen er usikker på kor lenge ho vil halde fram med Instagram-firmaet sitt.

– Det kan hende eg blir mindre aktiv om eg må bruke meir tid på skule eller finn ein jobb eg har skikkeleg lyst på. Akkurat no er det Instagram som er jobben min, seier Isachsen.

Draumen hennar er å ein gong arbeide med kunst.

– Eg har alltid hatt lyst til det. Alt frå klesdesignar til målar har eg drøymt om. Målet er å begynne på kunstskule, seier Isachsen.

Akkurat no held ho også på å byggje ut ein solid følgjarskare på det nye internettfenomenet Gifboom. Det er det same som instagram, berre at ein kan lage sine eigne animasjonar.

15-åringen er blant dei 30 mest populære brukarane på heile Gifboom.

– Det er veldig kult. Men av og til legg eg frå meg mobiltelefonen. Eg må jo ha eit liv utanom internett og, seier Isachsen.