Hopp til innhold

Håpar stortingspolitikarane bergar sjukehuset framfor tusenvis av demonstrantar

Sjukehusaksjonistane kuppar 1. mai-markeringa i Odda, og ei rekkje sentrale helsepolitikarar stiller opp. – Vi trur sjukehuset blir berga, seier Terje Kollbotn.

Demonstrasjon Odda sjukehus

STORE DEMONSTRASJONAR: Odda har berre sju tusen innbyggjarar, men fleire gongar har minst tusen personar møtt opp til demonstrasjon mot nedlegging av akuttkirurgien ved lokalsjukehuset. Her i samband med eit folkemøte i regi av Helse Fonna tidlegare i år, der 2500 skal ha delteke.

Foto: Tale Hauso / NRK

Søndag sa helseminister Bent Høie (H) til NRK at han støttar Helse Vest sitt vedtak om å leggje ned akuttkirurgien ved Odda sjukehus. Måndag klokka 13 mottar Høie formelt helseføretaka sine framlegg til nye akuttenester.

Men sjukehusaksjonistane, som fleire gongar har samla fleire tusen personar til protest mot det dei meiner vil svekkje tryggleiken for innbyggjarane i Hardanger og nærliggande område, gir ikkje opp.

– Vi hadde jo eit håp om at Høie skulle skjere gjennom og imøtekome folkekravet. Men dessverre er han meir lojal mot helsebyråkratane, og då er det naudsynt å løfte det opp rikspolitisk for å få Stortinget til å snu saka, seier Terje Kollbotn.

No skal årets 1. mai-tog i den tradisjonsrike industribygda skal brukast til å markere motstand mot helseministeren.

– Toget vil utelukkande dreie seg om kampen for sjukehuset, seier Kollbotn, Raudt-politikar, sentral i sjukehuskampen, og leiar i LO i Indre Hardanger og i 1. mai-komiteen.

– Ventar mange tusen i toget

Toget skal gå frå Lindeplassen i Odda sentrum, til sjukehuset og tilbake.

– Vi ventar mange tusen i toget 1. mai, og har alt fått fleirtalet i Stortinget til å stille opp på folkemøtet etter toget. Vårt mål no er at både styret i Helse Vest og helseministeren bøyer av eller lir nederlag i Stortinget i mai, seier Kollbotn.

Det er fleire sentrale namn mellom politikarane som ifølgje Kollbotn kjem til Odda 1. mai:

  • Ruth Grung (Ap), saksordførar og medlem av helsekomiteen på Stortinget
  • Kjersti Toppe (Sp), medlem av helsekomiteen
  • Terje Breivik, parlamentarisk leiar i Venstre
  • Olaug V. Bollestad, nestleiar i KrF og medlem av helsekomiteen
  • Oddny Miljeteig, avtroppande nestleiar i SV

Terje Kollbotn og folk

AKSJONSGENERAL: Terje Kollbotn er Raudt-politikar, leiar for 1. mai-komiteen, og også sentral i kampen for lokalsjukehuset.

Foto: Tale Hauso / NRK

Håpar på svar 1. mai

Høgre og Frp har ikkje takka ja til å stille, men Kollbotn poengterer at politikarane som dukkar opp, samla representerer fleirtalet på Stortinget. Alle har allereie også meir eller mindre tydeleg signalisert at dei ønskjer å bevare akuttkirurgien.

Etter toget til sjukehuset skal alle politikarane halde innlegg. Saka skal handsamast på Stortinget 15. mai, men Kollbotn håpar innlegga 1. mai vil bety at nedleggingsspøkelset kan bli gravlagd allereie då.

– Dei skal svare klart og tydeleg om dei er med oss eller mot oss, og vi har grunn til å tru at det kan gå mot eit stortingsfleirtal. I alle fall har dei takka ja til å stille med sine fremste helsepolitikarar, påpeiker Kollbotn.

Klar for busstur til Stortinget

1. mai-arrangørane rekrutterer deltakarar til toget gjennom plakatar og banner, og flygeblad på arbeidsplassar i Odda, Jondal, Kvinnherad, Ullensvang og Etne.

Odda sjukehus aksjon

KAN MISTE AKUTTKIRURGIEN: Odda, som med unnatak av Svalbard har Noregs minste sjukehus.

Foto: Tale Hauso / NRK

16. februar skal 2500 personar ha demonstrert i samband med eit Helse Fonna-folkemøte.

– Vi håpar på betydeleg fleire 1. mai, seier Kollbotn.

Han har også byrja å planlegge busstur til Stortinget 15. mai, men håpar no den turen blir overflødig.

– Vi håpar alle seier utvitydig ja 1. mai, slik at det som skjer på Stortinget berre blir ein formalisering.