Planen om ferjefri E39 er det dyraste vegprosjektet i Noreg nokosinne. Brua over Bjørnafjorden er ein del av Hordfast, som er kostnadsrekna til 37 milliardar kroner.
Verdas lengste flytebru kan også verta verdas fyrste bru der delane vert kappa og sveisa saman heilautomatisk
Prosjektingeniør Kjell Håvard Belsvik i Statens vegvesen meiner robotar kan gjera det billigare å bygga gigantbrua.
– Gjentakande prosessar kan automatiserast. Bruer eignar seg godt til dette sidan dei har mange like delar.
Han meiner det er for tidleg å seie sikkert om det kan få kostnadane ned, men tykkjer det ser lovande ut.
– Me må sjå på moglegheita til å få prisen ned ved å bruka ny teknologi.
Vert for dyrt
Hordfast sør for Bergen er det dyraste delprosjektet, og har vore omdiskutert i lang tid. Brua over Bjørnafjorden vert verdas lengste flytebru på fem kilometer.
Den siste offisielle prislappen frå Vegvesenet er 37 milliardar kroner. Det er for dyrt, har statsminister Erna Solberg sagt.
Ein revidert kalkyle med priskutt skulle koma i haust, men prosjektleiar Signe Eikenes seier den ikkje er behandla av vegdirektoratet og samferdsledepartementet.
– No har me gjennomført eit kostnadsanslag, men det skal godkjennast.
– Allereie for over eitt år sidan signaliserte de at de kunne komma ned mot 30 milliardar og kanskje endå lengre ned.
– Eg trur på at me kjem ned, men eg vil ikkje seie noko meir om nivået, seier Eikenes.
Vil konkurrera med lågkostland
Belsvik håper at robot-teknologi kan jamna ut forskjellane mellom Noreg og lågkostland.
– Me ynskjer å ha minst mogleg kostnadar, om me sparar litt på gjennomføringa kan me redusera bompengar eller bygga meir veg ein annan stad.
Teknologien er mykje brukt på cruiseskip og i bilproduksjon, fortel Belsvik. No håper han at entreprenørane og leverandørindustrien ynskjer å ta i bruk teknologien til bruprosjektet.
– Får me ein entreprenør som ynskjer å ta i bruk denne teknologien, så kan me kanskje nytta det på andre konstruksjonar i framtida.
Kværner følgjer med
Kværner sitt verft på Stord kan verta ein aktuell stad der robotane kan byggja brua. Kommunikasjonssjef i Kværner på Stord, Torbjørn Andersen, fortel at dei følgjer nøye med på prosjektet.
– Me har mykje avansert automatisert og robotisert verktøy og utstyr allereie. På eit slik prosjekt kan det tenkast at nye metodar vert aktuelle.
Han seier det kan verta aktuelt med bidrag frå Kværner, men at det er litt tidleg å seie om denne teknologien er noko dei kan nytta.
Les òg: