Hopp til innhold

Håpar regjeringsforhandlingane mislukkast

KrF startar i dag regjeringsforhandlingar saman med Høgre, Frp og Venstre. Ikkje alle i partiet håpar forhandlingane skal lukkast.

Stein Oltedal, nestleiar i Sunnfjord KrF

VIL IKKJE I REGJERING: Stein Oltedal, nestleiar i Sunnfjord KrF, ser helst at nestleiarkollega Kjell Ingolf Ropstad ikkje lukkast i regjeringsforhandlingane.

Foto: Privat

– Presset er såpass stort både på regjeringa og KrF om å kome fram til ei løysing. Det står så mykje på spel at dei nok kjem til å lukkast, seier Stein Oltedal.

Men nestleiaren i Sunnfjord KrF, det største lokallaget i Sogn og Fjordane, legg til:

Men eg håpar dei ikkje lukkast.

Forhandlingane på Hadeland startar i dag, og Erna Solberg har allereie varsla at KrF ikkje kan vente seg nokre ekstra sigrar dei komande dagane og vekene.

Oltedal meiner grunnlaget ikkje er bra nok for KrF når partia no skal forsøke å samle seg om ei regjeringsplattform.

– Det er ingenting som kan gjere deg nøgd med forhandlingane?

– Nei, det stemmer.

Også KrF-ordførar Stein Robert Osdal i Selje høyrer til den raude sida i partiet. Han går ikkje like langt som kollega Oltedal, og håpar partiet kan finne forhandlingsrom som går alle KrF-arar i møte.

– Forhandlingane blir spennande, og når resultatet kjem så vil vi seie tydelege frå om dette er bra nok til å gå inn i eller ikkje.

– Sjølv om det har vore litt bråk, så har me teke eit val, og må gjere det beste ut av det, seier han.

Abortlova er blant sakene som kan bli vanskelege. KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad seier at partiet står på kravet om å få til endringar i abortlova. Oltedal synest måten spørsmålet om slike endringar kom opp var ufin.

– Eg er lei meg for at dette innspelet kom, og eg synest det var på grensa til å vere innblanding i KrFs interne diskusjon, seier han.

Også blant partia som KrF skal samarbeide med i forhandlingane er det sterk motstand mot å gjere endringar i abortlova.

– Det vil vere døden for denne regjeringa dersom ein gjer endringar som strammar inn retten til sjølvbestemd abort, seier Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark.

Skjebnevalet gjekk i blå retning

Andre på såkalla raud side i KrF er opptekne av å finne fram til ei best mogleg løysing – trass i at vegvalet til partiet gjekk i blå retning i november.

– Eg ønskjer KrF sin delegasjon alt vel. Det er høge forventningar til arbeidet dei skal gjere, og eg håpar og trur dei kan få gode gjennomslag for KrF sin politikk, seier stortingsrepresentant Tore Storehaug.

Oddny Helen Turøy, fylkesleiar i Rogaland KrF, var på blå side på landsmøtet, og ho seier at forventningane med fordel kan dempast.

– Det blir viktig å få gjennomslag, at KrF får setje eit tydeleg preg på forhandlingane, seier ho.

Ho er oppteken av å få med alle fløyene i partiet, blått, raudt og gult.

– Eg trur det blir regjering. Når me har kome så langt, så viser det at grunnlaget er godt. Men me går ikkje inn i regjering uansett, som Kjell Ingolf Ropstad også understrekar, seier ho.