Krisa innan olje, gass og maritim sektor gjer at også verfta her i fylket slit i motbakke. Difor er det knytt stor spenning til statsbudsjettet som vert lagt fram i dag.
I dag kjem statsbudsjettet, og ved skipsverftet Båtbygg AS i Vågsøy, krev dei at Erna Solberg syner den handlekrafta ho har lova.
– Det er heilt klart at det som skjer no er svært dramatisk, og vi har jo merka at det er nedgang i høve til førespurnadene, seier Kjell Inge Sjåstad, direktør ved skipsverftet.
- LES OGSÅ:
– Viktig at det skjer no
Dei tøffe tidene i maritim sektor merkast også ved verftet Båtbygg, slik dei gjer langs heile Vestlandskysten.
Sogn og Fjordane har styrt unna dei verste stormkasta, men denne veka vart det kjent at Havyard Leirvik i Hyllestad reduserer bemanninga med 60 personar. Ordførar Morten Askvik (Sp) håpar også at regjeringa gjer grep. Sjåstad i Båtbygg håpar regjeringa sett i verk eigne pakkar retta mot bransjen.
- LES OGSÅ:
– Til dømes ferjer og leveransar til forsvaret og slike ting. Det er viktig at det skjer no, for det er mange som må gjere dramatiske tiltak i høve til nedskjeringar, og ein kan risikerer at mykje av næringa forvitrar om det ikkje kjem tiltak, seier han.
Trur på si eiga regjering
Fallet i oljeprisen gjer at arbeidsløysa har vekse her til lands. I alt 120 000 nordmenn står no utan jobb. Fylkespolitikar i Frp, Frank Willy Djuvik, har store forventningar til at regjeringa vil hjelpe bransjen.
- LES OGSÅ:
– Eg føler meg ganske trygg på at regjeringa vil synleggjere ei satsing knytt til sysselsetjing, kanskje spesielt på Sør- og Vestlandet og langs kysten, seier han.
Spenning kring skattereforma
Regjeringa har alt sendt signal om ein eigen verftspakke, men NHO er òg spent på kva som kjem i regjeringa sin skattereform. NHO vil ha selskapsskatten frå 27 ned mot 20 prosent, for å styrke næringslivet.
– Vi er opptekne av at det vert lagt til rette for ei skikkeleg omstilling, slik at Norge kjem seg ut av dei utfordringane vi er i no. Då er det viktig at det vert lagt opp eit skatteregime som får tilbake investeringslysta i næringslivet, og spesielt då innanfor maritim sektor, seier regiondirektør Jan Atle Stang.
I tillegg til selskapsskatten er det også knytt spenning til kva regjeringa gjer med formuesskatten, som har vore kutta ned på. Kjell Inge Sjåstad meiner det er på tide å fjerne den heilt.
– Det er mange som sit med store formuar i aktiva som båtar og anlegg, som må betale betydelege beløp i formuesskatt utan å ha inntening eller utbyte i høve til å kunne dekke det.