Hopp til innhold

Håpar på eit oljeeventyr

Også Statoil utgreier ilandføring av gass til Smørhamn i Bremanger.

Oljefunn
Foto: NRK arkiv

Denne veka vart det kjent at det tyske selskapet Verbundnetz gas (VNG) har gjort eit funn berre 50 km frå Bremanger . Tidlegare har Statoil gjort eit funn fire mil lenger ute.

Både Statoil og VNG vurderer ilandføring av gass i Bremanger.

Optimistisk ordførar

I dag skal ordførarane bli informerte om funnet til VNG.

– Vi er optimistiske, for det er ein reell sjanse sidan dei har funne meir gass, seier ordførar i Bremanger Kåre Olav Svarstad.

I følgje kommunen er to alternativ aktuelle, eit anlegg for CO2 fangst eller eit såkalla LNG-anlegg som finst til dømes i Hammerfest.

To funn

Mellom tre og åtte milliardar kubikkmeter gass finst truleg på Agatfeltet berre 50 kilometer vest for Bremanger, samstundes har Statoil gjort eit funn på Peonfeltet 90 kilometer frå land.

I følgje leiaren for Bremanger hamn og næring Ann Irene Gulestøl er begge selskapa i ferd med å vurdere Smørhamn for ilandføring av gassen.

– Vi jobbar med begge selskapa for å sjå om vi kan nå fram med ilandføring til Smørhamn, seier ho.

Planar frå 80-talet

Ordførar Kåre Olav Svarstad er spent på utviklinga, og så langt vel han å vere forsiktig optimist. Det er ikkje første gong dei har drøymt om gass i Bremanger.

– På 80-talet utgreidde Saga Petroleum Smørhamn som ein mogleg plass for ilandføring. For at det skulle bli ein realitet, måtte oljeselskapa finne gass, seier han.

Smørhamn framfor Lutelandet

Sintef er i gang med eit studium for å sjå om Smørhamn kan verte hamn for eit oljeeventyr i Sogn og Fjordane.

Tidlegare har Lutelandet i Fjaler vore aktuelt i samband med ilandføring, men Gulestøl meiner fylket no må fokusere på Bremanger.

– No ser det ut til at Smørhamn kan segle opp, og vi reknar med at fylkeskomunnen kjem aktivt med på laget og dreg området fram, seier ho.