Hopp til innhold

Håpar bomstasjonen blir kverna sjølv når Erna er fjerna

Då mange kommunar fekk bomstasjonar fjerna og takstar redusert, fekk Voss tommel ned frå regjeringa. No håpar vossingane på avskjedsgåve frå det siste statsbudsjettet til Erna Solberg.

Bomstasjon rv13

BOMVEG: Køyrer du frå Granvin til Voss, kostar det deg 47 kroner.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

– Det er ein uheldig plassering, og ei urettferdig utgift som nokre av innbyggjarane må ta, seier Stig Frode Soltvedt Støle.

Han er heradsstyrepresentant på Voss for Framstegspartiet, og har vore ein sterk pådrivar for å fjerne bompengane i kommunen.

Stig Frode Soltvedt Støle

NEI TIL BOM: Stig Frode Soltvedt Støle meiner staten må betala for å fjerna bomstasjonen mellom Granvin og Voss.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Bomstasjonen på riksveg 13 mellom Voss og Granvin er ikkje eit unntak. Soltvedt meiner staten burde ha fjerna stasjonen og tatt rekninga då kommunane vart slått saman.

– Det er urettferdig. Enkelte innbyggjarar må betala for å koma seg til offentlege bygg som sjukehus, barnehagar og arbeidsplassar, seier Soltvedt Støle.

Bompengevalkampen

Fleire gongar under Erna Solberg si regjeringstid har bompengar blitt eit heitt tema. Det toppa seg i kommune- og fylkesvalet i 2019, som mellom anna gjorde at Folkeaksjonen Nei til Mer Bompenger (FNB) vart det tredje største partiet i Bergen.

Då gjorde regjeringa mykje for å redusera bompengesatsar, og i nokon tilfellet fjerning av heile bommen, som i til dømes Kvinnherad.

Men Vossapakko består.

Den vart innført i 2010, og bomstasjonen vart plassert på kommunegrensa. No har Voss kommune og Granvin herad slått seg saman til Voss herad.

Det gjer at bomstasjonen står midt i den nye kommunen, noko som gjer at gravensarar fekk auka utgifter i tråd med samanslåinga.

Solberg-regjeringa sa i revidert nasjonalbudsjett nei til å fjerna bommen eller redusera taksten på Voss, sjølv om det vart gjort andre plassar, som til dømes på Etne og i nabokommunen Kvam.

I dag presenterer Solberg-regjeringa sitt siste statsbudsjett, og no håpar fleire at si bøn blir høyrd.

Lokalpolitikaren er forsiktig optimist når det kjem til det nye statsbudsjettet.

– Eg håpar inderleg dei fjernar han, seier Soltvedt Støle.

Han legg til at dei tek i mot alt dei kan få, om det så er takstreduksjon eller ideelt sett fjerning.

Han håpar no at Ap/Sp-regjeringa fjernar bommen.

Trym Aafløy omgitt av journalister på FNBs valgvake i Bergen

FNB: Trym Aafløy og FNB fekk 16,7 prosent av stemmene i Bergen i 2019.

Foto: Marit Hommedal / Marit Hommedal

– 12.000 eg heller kunne brukt på andre ting

I sentrum av det som ein gong heitte Granvin herad, er folk splitta i synet på bomstasjonen.

Simen vil ikkje ut med fullt namn eller bilete, men kan avsløra at han brukar om lag 1000 kroner i bompengar kvar månad. Det betalar han ikkje med glede.

– Det er 12.000 kroner i året eg kunne brukt på noko anna, seier Simen.

Han er ikkje nøgd med prisen eller korleis pengane blir brukt.

– Enten burde de fjerna bommen eller rusta opp stamvegen skikkeleg mellom Voss og Bolstad.

Silje Marie Indrebø Raa

KØYRER TIL VOSS: Silje Marie Indrebø Raa og sonen Sindre.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Ei annan som nyttar seg mykje av vegstrekninga er Silje Marie Indrebø Raa. Ho bur i Granvin, men jobbar på Voss. I tillegg går ungane hennar i barnehage der.

– Sidan arbeidsplassen min ligg der er det naturleg at eg reiser den vegen. Eg tenker det går greitt, seier Indrebø Raa med sonen Sindre på armen.

Snart skal han òg byrja i barnehage på Voss.

– Eg forstår jo dei som vil fjerna han. Eg lever kanskje litt for godt?, flirer Indrebø Raa.

Dei påtroppande regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet har blitt bedt om kommentar, men vil ikkje kommentera medan dei driv med forhandlingar.

Sletting av gjeld må gjerast gjennom statsbudsjettet

I ein e-post til NRK seier statssekretær i Samferdselsdepartementet, Ingelin Noresjø frå Kristeleg Folkeparti, at viss ein bompengestasjon skal fjernast må gjelda til bompengeselskapet vera sletta eller nedbetalt.

Dette kan berre skje gjennom statsbudsjettet, og Voss fekk ikkje ynskje innfridd i revidert statsbudsjett for 2021.

Ingelin Noresjø

STATSSEKRETÆR: Ingelin Noresjø (KrF) i Samferdselsdepartementet.

Foto: Torbjørn Tandberg

– I 2017 oppretta Stortinget «Tilskot for reduserte bompengetakstar utanfor byområda». Målet med denne ordninga er å redusere bompengebelastinga med minst 10 prosent, skriv Noresjø.

Andre kommunar har i tillegg fått ekstraordinære tilskot som har ført til redusering av takstar.

I Kvam herad blei takstane halverte frå og med i vår.

Det vart gjort på bakgrunn av at bompengestasjonen er ferdig nedbetalt i 2028, ikkje i 2022 som på Voss.

Ordførar i Kvam, Torgeir Næss, er nøgd med at prisen vart redusert, men reknar ikkje med endå meir økonomisk draghjelp frå regjeringa.

– Det hadde jo vore velkome, men eg har ingen forventningar, seier Næss til NRK.