Hopp til innhold

Trafikken dalar - håpar å nå målet om 2000 i døgnet

Hardangerbrua fekk god hjelp til å sikra høge trafikktal etter opninga i august. No er trafikken dalande, men bruselskapet håpar på eit snitt på 2000 bilar i døgnet i september.

Første trafikk over Hardangerbrua.

GOD OPNING: Men no går det meir mot normalt for trafikken over Hardangerbrua. Hengebrua fekk god starthjelp då Gudvangatunnelen på E16 var stengd i ein månad på grunn av brann.

Foto: Geir Brekke / Statens Vegvesen

I august opna hengebrua over Hardangerfjorden. Trafikken dei første dagane var over all forventning. Første helga bilistane kunne krysse fjorden med asfalt under hjula, vart det registrert over 13 000 passeringar.

Men tala var forventa, sidan det fram til måndagen etter opninga var gratis å køyre over den 1 380 meter lange brua. Samstundes fekk Hardangerbrua god hjelp av at Gudvangatunnelen på stamvegen E16 var stengd i nærare ein månad.

Håpar å nå målet

Mange valde difor å ta vegen over brua i staden. No er trafikken dalande, men bruselskapet håpar å nå målet om 2000 bilar i døgnet i snitt for september.

– Det er jo heilt naturleg at trafikken går ned frå sommarmånadene og utover hausten. Men det er vanskeleg å vurdera om han dala meir eller mindre. No er vi komne ned på kring 2500 bilar i døgnet, seier Einar Lutro i selskapet Hardangerbrua.

Spent på den neste halvåret

Han presiserer at dei trass nedgangen er over budsjett. No følgjer dei utviklinga i trafikktala frå dag til dag.

– Vi er veldig spent. Frå tidlegare år så veit me at når det nærmar seg vinter så blir det usikkert på Hardangervidda. Då vil folk finne andre løysingar. Me får berre vente å sjå, avsluttar Lutro.