Saman med mødrene sine reiste Signe Meek Aaslid (10) og Johanne Hoggen Totland (10) frå Volda laurdag morgon med eitt mål for auge.
– Vi kom hit for å møte Tarjei og Johannes, seier Signe medan både ho og Johanne smiler og viser fram skia med Tarjei sitt namn på inne i smørebussen til Skiskytterforbundet.
Mykje folk og ivrige ungar
SPENNANDE: Smørebussen stod open for alle som ville inspirere utstyret til skiskyttarlandslaget.
Foto: Silje Guddal / NRKOg dei var langt frå åleine om å ta turen til Stryn sentrum denne dagen. I samband med den landsomfattande skiskyttarturneen «Spenning i sikte» var Tora Berger og brørne Bø på plass i bygda. Målet er å gi born og unge høve til å bli betre kjent med sporten og kanskje inspirere dei til å starte med skiskyting.
Mykje folk hadde teke turen for å delta på aktivitetar. Mange ungar stod i kø for å prøve seg på laserskyting og i andre konkurransar. Smørebussen til landslaget var også ein populær attraksjon. På ettermiddagen fekk også ordførar Sven Flo prøve seg i skytekonkurranse mot brørne Bø til stor glede for publikum. Det vart, kanskje ikkje så overraskande, Bø som stakk av med sigeren.
Det var ikkje få som samla seg rundt dei lokale skiskyttarheltane for å ta bilete med dei og få autograf. Blant dei var Signe og Johannes.
– Tarjei og Johannes er kule, seier Johanne.
– Og flinke, skyt Signe inn.
MYKJE FOLK: Mange hadde møtt fram for å delta på aktivitetane og møte skiskyttarheltane. Foto/redigering: Silje Guddal
– Stryn leverer som alltid
For både Tarjei og Johannes er det berre kjekt at ungane ser opp til dei. Ekstra kjekt var det å sjå det gode oppmøtet i heimbygda.
– Ja, det var galne tilstandar her. Eg vart litt overraska over at det var så mykje folk, men Stryn leverer som alltid og det er kjekt å sjå, seier Tarjei.
Han fortel at medan nokre har spurt etter tips til skytinga er dei fleste litt sjenerte.
– Det er ofte foreldra som må spør etter autograf og slikt, men det er nokre skikkeleg offensive ungar her også, seier han og ler.
Skiskyttarbygda Stryn
Både han og Johannes påpeiker at Stryn i større grad har blitt ei skiskyttarbygd enn ei fotballbygd, som den opphavleg har vore kjend for.
– Og etter dette er det kanskje endå fleire av ungane som har lyst å prøve skiskyting. Eg trur alle ungar synest det er spennande å skyte, det syntest i alle fall eg då eg var liten. Det var artigare det enn å gå på langrenn, seier storebror Bø.
– Det er morosamt å kunne komme tilbake hit og eg trur at ungane synest det er stas å sjå meg og Tarjei her i bygda. Kanskje blir dei ekstra stolte, og det er veldig moro, seier Johannes.
HJELPTE TIL: Ungane fekk prøve seg på laserskyting som del av ei aktivitetsløype.
Foto: Silje Guddal / NRK