– Gjenbruk er bra for miljøet og lommeboka, så det er dumt at det ikkje er eit tilbod ute i distrikta, seier Hannah Baarøy.
Ho bur i Førde. Om ho skal handle hos ein av dei store bruktklede-aktørane, må ho til Bergen.
Det er meir enn tre timar unna.
Netthandel er eit alternativ, men då kjem fraktkostnadar på toppen.
– Det er kjipt å måtte betale for dyr frakt. Då er det meir freistande å sjå om dei har nye sko til ein billigare penge i sentrum, seier ho.
SKATTKAMMER: – Bruktshopping er alltid spennande. Så er det kult å tenke på at kleda har levd eit liv før! seier Hannah Baarøy.
Foto: Martha Linnea Pukallus / NRK– Ikkje godt nok kundegrunnlag
Gjenbruk er blitt trendy, og på sosiale medium kryr det av populære kontoar som viser brukte og redesigna plagg.
I mars rapporterte NRK at bruktmarknaden på Finn.no har vekse med 23 prosent under pandemien.
Likevel stengde Fretex åtte butikkar i 2019.
Dei er den største aktøren for bruktklede i Noreg.
– Utfordringa med å drive bruktbutikk på bygda er kundegrunnlaget, seier Kristin Hareide i Fretex.
Oversikt over Fretexbutikkar i Noreg.
Dei andre store aktørane er Uff, Røde Kors og Bymisjonen. Butikkane er i all hovudsak i Oslo-området.
Regelverk gjer det vanskeleg å drifte
I tillegg til dei store kjedene finst det mindre og uavhengige utsalsstader.
Men strengt lovverk gjer det vanskeleg å drive sjølvstendig bruktbutikk.
NRK fortalde i april om brukthandelforskrifta som gjer at Upscale-eigar Eva Sessford må registrere vekt, storleik og farge på alle plagg ho får inn.
– Eg vil ikkje få tid til å gjere andre ting, sa Sessford.
Formålet med lova er å førebyggje omsetning av stolne gjenstandar og gjere det lettare for politiet å spore dei opp.
Det er Nærings- og fiskeridepartementet som har ansvar for brukthandellova og brukthandelforskrifta.
Næringsminister Iselin Nybø (V) sa til NRK i april at det kunne by på «utfordringar for bruktbilar og kunstgjenstandar» om regelverket vart forenkla.
29. april la ho til, i eit skriftleg svar på spørsmål frå KrF-representant Tore Storehaug:
– Innspel som dei vi har teke imot frå bedrifter som Upscale vil ta bli tatt med i vurderingane av kva for endringar vi bør foreslå i regelverket for brukthandelverksemd.
Vi kastar 4,7 kilo tekstilavfall i året
Ein forskingsrapport frå PlanMiljø og Norsus frå 2020 viser at kvar nordmann i snitt kvittar seg med 4,7 kilo tekstilavfall i året.
– Veldig lite brukte tekstilar går til gjenbruk eller resirkulering i Noreg, seier SIFO-forskar Ingun Grimstad Klepp.
Fretex vart stifta i 1905, som et nytt tiltak for å hjelpe vanskelegstilte i hovudstaden.
I dag er det eit aksjeselskap som er 100% eigd av Frelsesarmeen.
Dei har lønna tilsette i alle ledd.
Kleda dei sel i butikkane får dei donert gratis.
Over 90 prosent av det dei får donert vert eksportert til andre land.
Fleire afrikanske land vil ikkje lenger ta imot bruktklede.
Kristin Hareide i Fretex deler ambisjonen om at heile landet bør ha eit godt brukthandel-tilbod.
– På mange måtar synest vi at vi løyser det med dei butikkane vi har i Noreg – frå Kirkenes i nord til Mandal i sør, seier ho.
Ho legg til:
– Nettbutikken er eit forsøk for å gjere oss tilgjengelege for folk i distrikta.
DÅRLEG UTVAL: Hannah Baarøy drar til Oslo viss ho skal handle bruktklede.
Foto: Martha Linnea Pukallus / NRKHanna Baarøy er usikker på korleis ein Fretex-butikk ville blitt tatt imot i Førde i dag.
– Eg og mine vennar hadde i alle fall brukt den! Men folk kjem vel ikkje til å spørje etter eit konsept dei ikkje har vore introdusert for først.
- Les også: