Hopp til innhold

Han ynskjer seg fleire mannlege kollegaer

FØRDE (NRK): På sjukepleiarstudiet i Norge er 9 av 10 kvinner. Dårleg kjønnsbalanse er dumt for pasientane og skapar eit dårleg arbeidsmiljø, meiner studentane.

På sjukepleiarstudiet er 9 av 10 kvinner, no ynskjer dei mannlege studentane fleire studiekameratar av same kjønn.

I PRAKSIS: Sjukepleiarstudent Endre Benjaminsen (24) har praksis på Førde Sentralsjukehus. Han er ein av få menn i Norge som tek sjukepleiarutdanning, no ynskjer han seg fleire mannlege kollegaer.

– Eg kan sjå for meg at ein mannleg pasient kan kjenne på det, om alle sjukepleiarane rundt han er kvinner. Enkelte ting er enklare å snakke med menn om, seier sjukepleiarstudent Endre Benjaminsen.

Han er ein av få menn som studerer sjukepleie. Berre 12 prosent av studentane er menn, fleire av desse droppar ut gjennom studietida.

– Det er kanskje eit misforstått yrke, ikkje så kvinne-retta som mange trur det er. Eg har interessert meg for kropp og anatomi sidan eg dreiv med idrett. Sjukepleia er utruleg givande, å vere til for ein pasient som verkeleg treng hjelp.

Påverkar arbeidsmiljøet

Sjukepleierstudent Julianne Steinsland Jenssen

SAKNAR MENN: Sjukepleiarstudent Julianne Steinsland Jenssen trur fleire menn også skapar eit betre miljø for kvinnelege sjukepleiarar.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Kjønnsfordelinga påverkar nok miljøet på arbeidsplassen. Om ei avdeling berre har kvinner, kan det føre til at eg ikkje vel å søkje meg til denne. Trivsel er jo ein avgjerande faktor på arbeidsplassen, seier Benjaminsen.

Også dei kvinnelege sjukepleiarstudentane ynskjer seg fleire menn.

– Ein arbeider jo ofte ulikt, noko som er godt for miljøet på arbeidsplassen, også for oss. Vi har jo ein del tunge løft også, då kan det vere greitt med ein sterk mann.

Kjønnspoeng til mannlege søkjarar

Gjennom Facebook-kampanjen «Mann kan bli sjukepleiar» ynskjer sjukepleiarforbundet sin studentorganisasjon NSF Student å drepe mytar om sjukepleiaryrket. På sida delar mannlege sjukepleiarar sine erfaringar med jobben.

Slik ynskjer studentorganisasjonen å få fleire menn til å velje sjukepleiarstudiet.

Facebook-kampanjen "Mann skal bli sykepleier" skal rekruttere fleire menn

KAMPANJE: Med Facebook-kampanjen "Mann kan bli sjukepleiar" ynskjer NSF Student å vekkje interessa til yrket blant menn.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Eg trur det er eit bilete ein framleis har, at dette er ei kvinnerolle og ikkje noko for menn. Det stemmer jo ikkje. Likestilling går begge vegar, seier Ludvig Fløtra fylkesrepresentant i NSF Student.

Det var rundt 18 prosent mannlege søkjarar til sjukepleiarstudiet i fjor, men fleire vert utkonkurrert av kvinnelege søkjarar med betre karakterar. Studentorganisasjonen ynskjer kjønnspoeng til mennene.

– Vi meiner mannskvotering er ein god idé. Det er ikkje bra med ei så skeiv fordeling.

Poeng for dyrepleie

Til enkelte studiar i Norge kan ein få kjønnspoeng der eit av kjønna er svært underrepresentert. For menn gjeld dette berre veterinærstudiet og dyrepleiarutdanninga ved NMBU.

– Det er litt rart at ein set behovet høgare i behandling av dyr framfor menneske. Det syns eg skurrar, seier fylkesrepresentanten.

HR-direktør i Helse Førde, Arne Skjelten

YNSKJER VELKOMEN: HR-direktør i Helse Førde, Arne Skjelten, ynskjer betre likestilling

Foto: Espen Breivik / NRK
Ynskjer fleire menn

Det er stor mangel på menn i helseføretaka rundt om i landet. I Helse Førde, som tilsett sjukepleiarar i Sogn og Fjordane, er berre 10 prosent menn. HR-direktøren ynskjer større likestilling.

– Vi ser at utviklinga har vore stabil, vi har dessverre ikkje fått fleire mannlege sjukepleiarar dei siste åra.

Kan ein kvotere inn fleire menn?

– Det viktigaste er kvalifikasjonane. Vi er avhengig av talet på mannlege studentar.