Hopp til innhold

Han vil skyte Glimt til eliteserien

Kristian Fardal Opseth (26) blir Bodø/Glimt-spelar i 2017, iallfall fram til 1. juli.

Kristian Fardal Opseth

NO I GUL DRAKT: Kristian Fardal Opseth i Bodø/Glimt-trøye etter signeringa.

Foto: Glimt-TV

Torsdag var han i Bodø for å signere for klubben som rykte ned frå eliteserien i haust. I første omgang skal Sogndal Fotball låne han ut fram til 1. juli.

No håpar han å hjelpe nordlandslaget til å rykke opp att. Til Glimt-TV seier han at han gler seg til å bli kjend med dei nye medspelarane sine, og at han treng å få prøve seg i ein ny klubb.

– Eg treng speletid. det vart ikkje så mykje av det i Sogndal i 2016. I tillegg har eg tru på det de gjer her i Bodø/Glimt. Det triggar meg at de har ambisjonar om å gå rett opp att.

aasmund bjørkan glimt seier

– HAR VELDIG TRU: Trenar Aasmund Bjørkan i Bodø/Glimt.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Trur han vil lukkast her

Trenar Aasmund Bjørkan i Bodø/Glimt seier til NRK at dei har sikra seg ein veldig god spelar.

– Vi trur at han vil få det artig i Bodø og at han vil passe godt inn i Bodø/Glimt. Vi har veldig tru på at han skal lukkast hjå oss. Vi gler oss til å sjå han i gul drakt i det som vi håpar blir ein god sesong i 1. divisjon.

– Fardal Opseth seier at han vel å byte klubb fordi han treng meir speletid. Kan du love han det?

– Det er alltid ein konkurransesituasjon i alle klubbar, men vi har veldig tru på at Kristian vil lukkast her. Han har alle dei kvalitetane vi ser etter hos ein god spiss i vårt system og måten vi spelar på.

Kristian fardal Opseth og Henrik Gjesdal

LITE SPELETID: Kristian Fardal Opseth i ein av kampane han fekk spele i 2016, mot Tromsø og Henrik Gjesdal.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

– I gode hender

Sportsleg leiar Håvard Flo seier til nettsida til Sogndal Fotball at det har vore rift om å få låne Kristian Fardal Opseth. Han meiner Bodø/Glimt er eit godt val for 26-åringen.

– Bodø/Glimt er ein profesjonell og fin klubb for Kristian i denne fasen, og med Aasmund Bjørkan som trenar er vi trygge på at han er i gode hender. Kristian treng å få godkjensla tilbake, og vi håpar at han vil syte for at publikum på Aspmyra får ein kjekk vårsesong.

– Heilt suverent

Sogndal-kjennar Jon Navarsete seier Bodø/Glimt er eit godt val for Kristian Fardal Opseth.

Jon Navarsete

HÅPAR PÅ NY GIV: Jon Navarsete.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Dette er heilt suverent. Bodø/Glimt er ein klubb med ambisjonar, og Aasmund Bjørkan driv det heile veldig bra med offensiv og underhaldande fotball. Eg håpar at dette gir Kristian ein ny giv.

Navarsete synest det er trasig at spelaren som bøtta inn så mange mål i 2015-sesongen fekk så lite speletid i 2016.

– Det er litt trist at Sogndal ikkje har fått bruke ein slik goalgetter meir. Det har med spelesystemet som Eirik Bakke har valt, men eg forstår frustrasjonen til Kristian. Fotballen er ofte slik, ein er prisgitt systemet.