Hopp til innhold

Han vil gi Noreg det etterlengta gullet

Bordtennishelten Tommy Urhaug har sett kursen mot Rio. Han er svolten på reprise av gullet for fire år sidan.

Tommy Urhaug

GULL: Tommy Urhaug (36) i djup konsentrasjon under bordtennisfinalen i Paralympics i London 2012.

Foto: Lefteris Pitarakis / Ap

Den norske medaljefangsten i årets sommar-OL i Rio de Janeiro enda med fire fine bronsemedaljar, men ingen gull eller sølv. Dei dårlegaste leikene på 52 år, sett med norske auge.

Men det kjem nye sjansar, og ein av dei som har størst sjanse til å sikra Noreg eit etterlengta gull denne sommaren, er Tommy Urhaug.

Bordtenniseksperten har vunne alt som er å vinna. Fire VM-gull, ni EM-gull og eit Paralympics- gull, frå London for fire år sidan. No vil han ha eitt til.

KONTROLL: Tommy Urhaug møter NRK heime, dagen før avreise til Brasil. Å bli intervjua medan han triksar med bordtennisballen går heilt greitt, i alle fall nesten ...

Ladar opp med familien

– Eg går sjølvsagt for gull. Vi har mange i Paralympics-troppen som kan gjera det store i Rio, og eg håpar eg blir ein av dei, seier Urhaug.

Han har ei medfødd funksjonshemning og sit i rullestol. Bordtennis har han spelt sidan han var 14 år.

NRK møter 36-åringen heime på Manger, der han gjer dei siste førebuingane før avreise til Brasil. Det er fast opplegg for tobarnsfaren, som no deltek i sitt femte paralympics.

– Dei siste vekene har eg vore utanlands på fleire treningssamlingar, men den siste veka før alvoret byrjar likar eg å halde meg heime med familien. Då finn eg roa, medan eg leitar etter den gode kjensla.

Her kan du sjå heile finalekampen frå London 2012:

Nye slag og teknikkar

Men det blir langt tøffare no enn for fire år sidan, skal vi tru 36-åringen sjølv. Motstandarane er meir profesjonelle, fleire er på eit høgare nivå og Urhaug er blitt eldre.

– Nivået er gått eit hakk opp. Men det håpar eg at også eg er. Eg har utvikla nye slag og teknikkar som skal overraska motstandaren, seier Urhaug, som er kjent for å spela aggressivt og setja motstandaren under press frå første slag.

– Etter den dårlege medaljefangsten tidlegare i sommar, kjenner du eit press på å levera no?

– Eg er ikkje nervøs og eg blir ikkje stressa. Press utanfrå kan ikkje eg gjera noko med. Eg held meg berre til det presset eg har lagt på meg sjølv. Så får eg gjera mitt beste, smiler radøyværingen.

Dei innleiande rundane i bordtennis byrjar 8. september, med finalar 12. september.