Hopp til innhold

Han skal avdekke kriminalitet mot kjæledyra våre

FLORØ (NRK): Den nye dyrekrim-eininga ved Flora politistasjon starta sitt arbeid førre veke. To ferske politibetjentar er tilsette ved Flora politistasjon for å avdekke kriminalitet der våre kjæledyr og husdyr er involverte.

Dyrepoliti, Florø

POLITIDYREVERNAR: Leiaren for den nye dyrekrim-eininga ved Flora politistasjon, Helge Stave, hentar erfaring frå pilotprosjektet i Sør-Vest politidistrikt.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

– Her er ein katt som har blitt mishandla, seier Helge Stave.

Leiaren for den nye dyrekrim-eininga i Florø blar gjennom ei bok som viser døme på kva kriminelle handlingar dyr vert utsette for. Katten sin hale er nesten kappa av. Det er for desse Stave og to politibetjentar skal jobbe.

– Det er mykje landbruk i Vest politidistrikt. Vi veit at det er ein del ulovleg import av dyr til Vestlandet til dømes, seier Stave.

– Kva slags dyr?

– Det kan vere noko så vanleg som hundekvalpar, som vert kjøpt ulovleg utanlands og som me då ikkje har kontroll på kva gjeld helse og opphav, seier han.

I Noreg er det no fem politidistrikt som har ei eiga eining for dyrekriminalitet.

Mistenkjer Stave og dei andre ved dyrekrim-eininga eit brot, så blir det jobba som i kva som helst anna politisak.

– Viss til dømes ein hund er ulovleg importert, vil det kunne resultere i melding og ein politiadvokat vurderer då om det er noko straffbart i biletet.

Snøscooter

Håkon Haga Kaldahl er nyinnflytta til Florø og naturleg interessert i det han skal etterforske.

– Eg har jo litt erfaring frå landbruk og husdyrhald, seier han.

Han fortel at det som skil dei frå ei vanleg politieining blant anna er at dei har ein snøscooter klar til innsats.

– Det er greitt å ha når ein skal ut og kontrollere på stader det ikkje er så lett å kome seg fram med bil, seier han.

NRK-kontoret i Førde tok førre veke inn ein hund som vart funnen utan eigar.

– Er det noko me burde ha ringt dyrepolitiet om?

– Nei, det er det nok ikkje. Det er i litt meir alvorlege saker me blir kopla inn, seier Kaldahl.

Det «perfekte» offer

Dyrevernalliansen har jobba for dyrepoliti lenge. Dei er nøgde med at det no er på plass i Florø.

– Vi meiner dette er veldig positivt. Sogn og Fjordane er eit område med mange husdyr, og det er viktig at politiet der tar dette på alvor, seier kommunikasjonsleiar Live Kleveland.

Deira mål er at det finst eit slagkraftig dyrepoliti i heile landet. Kleveland påpeikar at det vanlegaste som dyr vert utsette for er rein vanskjøtsel.

– Men ikkje fordi dei ynskjer å skade dyra, men fordi dei ikkje kan ta tilstrekkeleg vare dei, seier ho og held fram:

– Dyr er det perfekte offeret diverre. Dei kan ikkje seie frå om saker sjølv, og i likskap med barn er dei heilt avhengige av at andre tek vare på dei.

Live Kleveland, Dyrevernalliansen

DYREVERNAR: Live Kleveland i Dyrevernalliansen håpar slike politieiningar blir normalen i heile landet.

Foto: Iselin Linstad Haug