Hopp til innhold

Han pendlar med båt kvar dag – fortviler over treige batteribåtar

MÅLØY (NRK): Dei nye batteribåtane skal køyre i 22 knop. – Vi kunne like godt ha sett inn robåtar, seier Frp-politikar Frank Willy Djuvik, som pendlar sjøvegen kvar dag.

Frank Willy Djuvik pendlar Måløy-Florø kvar dag.

REISER ÅLEINE (NESTEN): – Eg får berre fortsette å vere nesten åleine på ein båt som tek 70 passasjerar. Det blir iallfall mykje plass å boltre seg på, seier Frank Willy Djuvik. Her i selskap med Kinn-ordførar Ola Teigen.

Foto: Privat

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Om miljøomsynet går framfor brukaromsynet, så kan ein like godt sette inn robåtar. Då vert utsleppet null, seier Frank Willy Djuvik.

Han er fylkestingsrepresentant for Frp i Vestland.

Tysdag var han med då Hovudutval for samferdsel og mobilitet gjekk inn for å konkurranseutsetje ei rekke hurtigbåtsamband.

Men kor fort skal ekspressbåtane få lov til å køyre?

I dag brukar Kystvegekspressen 1,5 time frå Florø til Måløy. Frank Willy Djuvik pendlar mellom dei to byane kvar dag.

AVSTAND: Med Kystvegekspressen tek det om lag 1,5 time mellom dei to byane.

Med nye båtar kunne denne tida lett ha vore redusert til ein time, meiner han.

Men det ønsket måtte han sjå langt etter. I staden skal hurtigbåten køyre med same fart som lokalbåtane (22 knop) – av miljøomsyn.

Frå fylkesadministrasjonen hette det at det ikkje var mogleg med ein raskare båt, for da måtte batteriet – og sin tur: båten – vore større.

– Desse båtane er livsnerven for kyst- og øysamfunna, og her kunne vi laga eit attraktivt tilbod for pendlarane, sukker Djuvik.

Logistikkutfordringane i «Noregs raraste kommune» har tidlegare vore omtala som «eit demokratisk problem».

– Står berre på viljen

Kim Gunnar Jensen er medlem av samferdselsutvalet i Kinn Kommune (Ap).

– Når vekta til hybridbåtane mellom Nordfjord og Bergen ikkje er eit problem, kvifor er det då eit problem for kystvegekspressen? spør han.

Han seier reisetida må ned i 70 minutt før det er «akseptabelt», og viser til ruter der hybridbåtar med plass til 200 passasjerar held 32 knop.

– Det som står i vegen er viljen til å gjennomføre det.

– Bør sjølvsagt lyse ut med høgre fart

Satsinga på hurtigbåtar er i tråd med regjeringa sitt ønske om å bli første land i verda til å bli kvitt ein «klimaversting».

Men i september gjekk Fylkesutvalet i Vestland vekk frå kravet om 100 prosent utsleppsfrie hurtigbåtar med hydrogendrift i 2024.

– Viss det teknisk og økonomisk er greitt, så bør vi sjølvsagt lyse ut med høgare fart, seier Trude Brosvik, som er gruppeleiar i KrF Vestland.

Ho har sendt brev til fylkesrådmannen med spørsmål om kva det vil bety om Kystvegekspressen i staden får sette opp farten til 32 knop.

Politikarane har «eit ansvar for å snakke fram teknologien», seier Hege Økland.

Ho er dagleg leiar for klyngeorganisasjonen Maritime CleanTech, og speler ballen tilbake dei folkevalde.

– Om dei vil ha raskare båtar, kunne dei lagt det inn i anbodskriteria. I staden for å peike på andre kan dei bruke moglegheita som ligg i offentlege anskaffingar til å skape eit globalt utviklingsvindauge for vår eksportretta industri.

Stolar på at regjeringa held ord

Jannicke Clarke er leiar i samferdselsutvalet i Vestland.

– Eg skal gi Djuvik rett i at fleire i fylkesutvalet har ytre bekymring, særleg på kystvegekspressen som er ei viktig pendlarrute, seier ho.

Ho presiserer likevel at reisetida «vil bli lik som i dag, både på Kystvegekspressen og på Nordfjordbåten».

I oktober «raste» kystfylka mot regjeringa sitt forslag til statsbudsjett, der 100 millionar kroner var sett av til fylke som investerer i klimavenlege ferjer og hurtigbåtar.

– Ein god start som vil hjelpa på, men er framleis for lite, sa nestleiar Svein Eggesvik i Nordland fylkesråd.

Medan Djuvik ikkje kjenner seg trygg på at økonomisk støtte frå staten kjem, stolar Clark på at regjeringa held ord.

– Vi er jo avhengig av at staten gir oss høve til å vere med på det grøne skiftet når det gjeld utskifting av både ferjer og hurtigbåtar. No har klimameldinga frå Regjeringa kome, og vi reknar med at den blir følgd opp, seier Clarke.

Knut Arild Hareide på ferja ut til Aukra

STIMULERER: Samferdsleminister Knut Arild Hareide meiner 100 millionar kroner er eit godt bidrag til fylka som investerer i klimavenlege skip.

Foto: Ann-Eli Nøsen / NRK