Hopp til innhold

Han lokkar med god mat

På Mo og Øyrane vidaregåande skule appellerer dei til matlysta når dei skal prøve å få fleire til å søke på linja for restaurant- og matfag. Og dei som blir inviterte er niandeklassingar.

Peder Støylen

TIDLEGARE ELEV: Peder Støylen kjem tilbake til skulen for å hjelpe til med å få ungdomsskuleelevar til å søkje på matfag.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Gjestene måtte vere med på å lage maten, men dei fekk god hjelp av både noverande og tidlegare elevar på linja. For også elevar som er ferdige med utdanninga var inviterte. Ein av dei var Peder Støylen.

– Akkurat no held vi på med å førebu menyen som vi har sett opp for i dag. Her står Bjørn og lagar is med bruna fløyte, Adrian rullar grava og røykt aure, det er ein rett som Dag Håkon har komponert. Alle jobbar på og viser interesse, og det er kjekt.

Favorittrettar

Og det er ikkje akkurat husmannskost dei skal lage.

– Vi har fått frie hender, og vi har sett opp ein del av våre favorittrettar, slikt som er kjekt å vise elevane. Vi må kose oss litt ekstra slike dagar.

– Korleis er det å vere tilbake på gamleskulen og undervise?

– Det er superkjekt. Eg synest det er kjekt å vere tilbake med lærarane. Det er andre gongen eg hospiterer på denne måten. Det er fint å kunne rettleie dei som kan tenke seg å gå denne vegen. For det er stort behov for folk innan restaurantbransjen.

– Viktig og kjekk dag

Kari-Ann Bruland

GLER SEG TIL DENNE DAGEN: Avdelingsleiar Kari-Ann Bruland.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Avdelingsleiar for restaurant- og matfag på Mo og Øyrane er Kari-Ann Bruland. For henne og skulen er dette ein viktig dag.

– Vi gler oss til å få elevane frå ungdomsskule hit slik at vi kan vise dei faget. Vi ser på det som ein utruleg viktig og kjekk dag. Vi håpar at mange vel denne vegen.

For matfaget har ikkje vore like populært dei siste åra som det var for nokre år sidan.

– Vi har vore nede i ein botn på landsbasis, men no ser det ut til at trenden er i ferd med å snu. Fleire vel yrkesfag no enn tidlegare.

Steffen Laukeland

KJEM TILBAKE: Steffen Laukeland seier det er veldig stor sjanse for at han søkjer på matfag.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Eit unikt fag

Steffen Laukeland er mellom niandeklassingane som har fått meirsmak på faget.

– Det er veldig stor sjanse for at eg kjem tilbake hit. Det har vore fantastisk, det er eit venleg og kjekt fag, rett og slett eit unikt fag.

Også Sandra Mandelid og Tina Berntsen Lama seier at dei truleg kjem til å søke på restaurant- og matfag.

Sandra Mandelid (t.v.) og Tina Berntsen Lama

FEKK MEIRSMAK: Sandra Mandelid (t.v.) og Tina Berntsen Lama.

Foto: Martin torstveit / NRK