Hopp til innhold

Han kjem ikkje inn att før i mars

FLORØ (NRK) Tilsette i Firdaposten måtte flykte då vatn fossa inn i redaksjonen. No er ikkje lokalavisa tilbake i lokala sine før i mars.

Svend Arne Vee

VASSKADE: Sjefredaktør Svend Arne Vee i lokala som blir reparerte etter dei store vasskadane i desember.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi er framleis på rivestadiet før vi kan bygge opp att det som var fellesområdet i redaksjonen, seier sjefredaktør Svend Arne Vee.

Det har gått ein månad sidan nesten 20 centimeter med vatn fylte det flate taket på avisbygget på Evje etter to døgn med regn.

Taket hadde for dårleg avløp og avløpa var delvis tette. Vatnet fann difor andre vegar i løpet av natta, og det meste gjekk inn i bygget.

No er dei tilsette ikkje inne att i lokala sine før i mars.

– Det er blitt sagt mars månad. Eg håpar på litt før. Men i løpet av vinteren og våren er vi i alle fall inne att. Og det er bestemt at vi skal inn i dei same lokala.

Lekkasje i Firdaposten

TØRKAR: Det var mykje vatn å tørke opp i lokala.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Redda av ny teknologi

Dei tilsette kom til ein arbeidsplass fylt med vatn. Det rann inn via ventilasjonssystemet og via isolasjonen.

– Kva såg du da du kom inn?

– Vatn overalt. Det rann frå taket ulike stadar, og det rann ned i første etasje til prenteverket. Det var temmeleg dramatisk.

– Kva utfordringar gav hendinga dykk?

– Hadde dette skjedd for 15 år sidan trur eg ikkje at vi hadde klart det. Dagens lette og berbare teknologi, og mindre dataprogram på lokale servarar, hjelpte oss med å få publisert avisa. Det hadde vore forsmedeleg om vatnet hadde stogga oss, etter at avisa har komme ut utan avbrot sidan prøvenummeret i 1948, seier Vee.

Usikker kostnad

– Kor mykje har hendinga kosta?

– Det har vi ikkje oversikta over enno. Men å ta att så mykje golv og tak får kronene til å trille. Billig blir det ikkje, seier Vee.

Vatn på taket på Firdaposten

FYLT AV VATN: Slik såg det ut på taket den morgonen i desember.

Foto: Tor Helge Husevåg