Hopp til innhold

Har mista 49 vener til ekstremsporten

Frode Johannessen frå Voss har gjennom 30 år med basehopping mista 49 vener i ekstremsporten. Likevel har han ingen planar om å slutte med å kaste seg ut frå fjell.

Frode Johannessen

LEVER VIDARE: Frode Johannessen har på to veker mista to nære kameratar i basehopping i Aurland. Han har forståing for at andre utanfor miljøet stiller seg undrande til at han likevel held fram med ein så farleg hobby.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Sidan slutten av juli har tre personar omkomme under basehopp i Aurland. Dei to siste, med eit mellomrom på berre to veker, var nære kameratar av Johannessen.

Han har forståing for at dei som ikkje driv med ekstremsport har vanskar for å forstå dette. Sjølv er han også veldig klar over at det er ein farleg sport.

– Fleire av oss døyr, også kompisar, og så held vi likevel fram. Men det ligg i at denne sporten er ein lidenskap for oss. 99,9 prosent av dei som driver med det seier at dei tenkjer sikkerheit i høgsetet heile tida, seier Johannessen.

«Dødens pust»

Og jo, han tenkjer på døden, men ikkje når han hoppar, berre før.

– Spesielt når eg går oppover mot eit nytt hopp så tenkjer eg på dei rutinane og det eg skal gjere. Og så tenker eg på kva det verste som kan skje er, slik at eg er førebudd på å fikse det under hoppet. For det er ein del ting som kan skje, seier den erfarne basehopparen.

– Eg har ein som seier til meg, «dødens pust» som eg kallar han, at viss ikkje eg gjer ting riktig no, så kjem han og tar meg, seier Johannessen.

Fredag er han tilbake i Gudvangen, der han har hoppa mange gonger. I denne kommunen har han på to veker mista to kameratar. Likevel kjem han hit med mål om å fly. Men slik blir det ikkje.

– Det skal gode forhold til. Det er litt regn i lufta no. Det er ikkje eit problem, men eg likar ikkje regn. Og så er det litt skodde, så i dag vurderer eg det slik at eg ikkje går opp, seier han.

(Saka held fram under TV-saka)

Frode Johannessen har mista to vener i basehopping.
Og det berre iløpet av to veker. 
Likevel - kjem han til å halda fram med sporten sin.

LIDENSKAP: Frode Johannessen har drive med basehopping i over 30 år. Han seier det er vanskeleg for dei utanfor å forstå kva det dreier seg om. FOTO/REDIGERING: Heidi Lise Bakke

Aldri opplevd maken

For dei aller fleste ville det å miste to så nære vener, på så kort tid, vere nok til å la seg knekkje. Men ikkje for Johannessen. Likevel har talet på omkomne i den korte perioden sidan juli gjort inntrykk.

– I mi lange karriere som basehoppar i over tretti år har eg ikkje opplevd maken. Eg kjende dei to siste godt og har hoppa mykje med dei. Dei var eigentleg ikkje ferske hopparar. Men kva som gjorde at dei omkom kan eg ikkje svare på. Dan kom for lågt, det er slikt eg berre kan synse om. Han hadde ikkje nok fart i drakta til å justere høgde og slik, fortel han.

Sikker på seg sjølv

For mange er det uforståeleg at Johannessen etter noko slikt kan gå opp på eit nytt fjell for å ta endå eit nytt hopp.

– Eg har tru på at eg kan gjere det sikkert, og det har eg vel også bevist når eg sit her i dag etter å ha hoppa i så mange år. Eg har rundt 1300–1400 basehopp til no.

Fleire har etter dødsfalla teke til ordet for å forby basehopping i Aurland, medan mange på si side har sagt at det er nyttelaust og berre vil gjere ting verre. Det er Johannessen samd i. Han meiner det heller er ei haldningsendring som må til.

– Å leggje forbod på basehoppinga ein stad vil for nokre berre gjere staden meir spennande å hoppe frå.