Hopp til innhold

Han har eit sjeldan yrke – no trengst det fleire lærlingar

Utstoppar Vidar Aa Djupvik har mykje å gjere, men med stadig færre lærlingar i faget er det vanskeleg å finne ny arbeidskraft.

Utstoppar Vidar Aa Djupvik

SJELDAN YRKE: Vidar Aa Djupvik i Jølster i Sunnfjord vart utdanna taksidermist i 2003.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

– Eg skal starte med ansiktet og ha på meir leire framme i mulen, forklarer Vidar Aa Djupvik (41)

I Jølster i Sunnfjord kommune driv han ei verksemd det ikkje finst så mange av. Djupvik er taksidermist og driv med utstopping av dyr. Dagens arbeidsoppgåve er å stoppe ut eit hjortehovud.

Allereie som 16-åring blei han interessert i yrket. I 2003 var han ferdig utdanna taksidermist. Djupvik har meir enn nok å gjere, men å finne nye læringar til verksemda er ikkje enkelt.

– Per i dag er det ingen lærlingar i heile landet, som eg veit om. Så det ser skummelt ut, seier han.

Utstoppar Vidar Aa Djupvik

VENTETID: Det er to års ventetid for å få stoppa ut eit hjortehovud hos Vidar Aa Djupvik.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

Eit ukjent yrkesval

Det har vorte færre lærlingar i faget, ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet. I 2010 var det registrert fem læringar i heile landet. I 2017 var det to, og i 2018, 2019 og 2020 var talet éin lærling.

Utdanninga for å bli taksidermist er fireårig. Ein kan enten fire år i lære hjå ein taksidermist, eller eit år på Kunst- og designlinja på vidaregåande skule, følgt av tre år i lære.

Ved Vassenden skule synest fleire av tiandeklassingane som skal til å velje vidaregåande-linje at det å skulle bli taksidermist er ein framand tanke.

– Eg ser føre meg at det kanskje er litt ekkelt. Eg veit ikkje korleis prosessen er, men eg kunne ikkje tenke meg det, seier tiandeklassing Nora Svidal.

– Dyr er greitt, men å stoppe dei ut veit eg ikkje om eg ville gjort, seier medelev Jonatan Olsen.

Vil ha etablererstipend

Handverkslaget er ein organisasjon som jobbar for interessene til tradisjonelle handverksfag i mange kategoriar. Mange av faga har få utøvarar.

For lærlingar i det som blir rekna som verneverdige tradisjonshandverksfag, gir fylkeskommunen eit ekstra tilskot i tillegg til basistilskotet.

– I tillegg kunne det gjerne vore ei ekstra stipendordning gjennom utdanninga og eit etablerarstipend for dei som går inn i desse faga, foreslår Trond Oalann i Handverkslaget.

Han fortel at ein såkalla kulturmoms også har vore diskutert, der bedriftene har lågare moms.

– Vi vil gjerne òg hjelpe desse faga med sal. Det krev mykje kapasitet og tid å drive desse små handverksfaga, sal er ikkje alltid det ein bruker mest tid på, fortel Oalann.

Å knyte dei mest sårbare faga til musea si drift, kunne også hjelpt dei små tradisjonsfaga, trur han.

Har mykje å gjere

For Vidar Aa Djupvik i Jølster er det meir enn nok å gjere. For eit oppdrag som det han held på med denne dagen, utstopping av hjortehovud, er det to års ventetid

– Frysen er heilt full, så det er mykje på gang, seier Djupvik.

Utstoppa dyr

MANGE PROSJEKT: Arbeidsrommet til taksidermisten viser at han har mange prosjekt på gang.

Foto: Eirik Johnsen / NRK