Hopp til innhold

Denne myra kan tvinga Bjørn til å flytta heimanfrå

VILLANGER (NRK): Bjørn Villanger kan mista heimen grunna krangel om ei myr. Saka kan endra odelsretten i Noreg, meiner advokaten hans.

Bjørn Villanger

TAPTE: Bjørn Villanger står i den omstridde myra som gjer at han må flytta frå garden, med mindre Høgsterett gjer om på dommen.

Foto: Christian Lura / NRK

Ei 5,2 dekar stor myr, tilsvarande tre fjerdedels fotballbane i storleik, er kjernen i ein årelang strid på Radøy i Hordaland.

Bjørn Villanger kjøpte garden for fire år sidan. Med familietilknyting til eigarar av nabobruka skulle garden bli hans nye heim.

Det var odelsrett på garden, men Villanger følte han hadde fått forståing om at den opphavlege eigarfamilien ikkje kom til å krevja odel.

Lite visste han at han fire år seinare skulle stå her og håpa på nok ei rettssak om eigedommen.

– Eg hadde aldri gjeve meg i kast med dette om eg hadde visst kva det ville innebera. Eg har brukt millionar, mykje meir enn eg vil få att.

For kjøpet av garden blei starten på ein innbiten rettstvist og ein dom advokaten hans meiner kan få store konsekvensar for praktiseringa av den særnorske odelsretten.

Villanger på Radøy

VILLANGER: Garden Villanger på Radøy i Hordaland er stridsemne i ei rettssak om odelsretten.

Foto: Christian Lura / NRK

Ventar på Høgsterett

Problema for Villanger starta rett etter han kjøpte garden. Ein bror av den tidlegare eigaren kravde garden på odel.

Saka gjekk for Bergen tingrett i mai fjor. Bjørn Villanger blei dømd til å selja garden for 3,3 millionar kroner. Han anka.

Men før sommaren stadfesta lagmannsretten dommen frå tingretten: Villanger må ut før nyttår.

– Men eg gir meg ikkje. Ein må slåst for det ein trur på, seier Villanger.

Han har no tatt saka til Høgsteretts ankeutval. Om den høgste domstolen tar saka, vil det vera siste håpet om å få bli verande i heimen.

– Eg føler meg lurt, seier Villanger.

Villanger 2

HÅPAR PÅ HØGSTERETT: – Eg har brukt millionar på dette. Og det er her eg bur. Det handlar jo om kva eg skal bruka resten av livet mitt på, seier Bjørn Villanger.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Strid om myr

Odelsretten i Noreg går heilt tilbake til Magnus Lagabøtes landslov. Den har vore omstridd, men er verna av Grunnlova.

Då Villanger kjøpte garden for fire år sidan, var eitt av lovkrava for å krevja odelsrett at den dyrkbare marka på eigedommen skulle vera over 25 dekar.

Den dyrka marka på Villanger sin gard er 24,8 dekar – om ein ikkje tek med eit myrområde på 5,2 dekar. Men det gjorde lagmannsretten.

Ein gong var det drift der myra ligg, men det er lenge sidan. No surklar det under skorne når Villanger syner NRK rundt på garden.

Eit sakkunnig vitne meinte at jorda kan grøftast og bli til dyrka mark att, med relativt enkle middel. Der står striden. Villanger meiner det korkje er enkelt eller billeg å føra jorda tilbake, og får støtte av Anja Ahlstrøm, seniorrådgjevar ved Norsk institutt for bioøkonomi.

Ho stilte òg i rettssaka som sakkunnig vitne.

– Problemet med denne delen av eigedommen er at det er fjell på begge sider og eit relativt tynt lag med jord. Når det regnar så mykje som det gjer på Vestlandet, vil det alltid vera fuktig der, meiner Ahlstrøm.

Ahlstrøm

VITNE: Anja Ahlstrøm er seniorrådgjevar i Norsk institutt for bioøkonomi. Garden er ikkje ein odelsgard i dag, meiner ho.

Foto: NRK Hordaland / NRK Hordaland

– Samrøystes rett

Mannen som har kravd odelsretten, har ikkje ønskt å snakka med NRK. Han viser til sin advokat, Ingvild Risnes Skeie, som overfor NRK konstaterer at retten var samrøystes i at odelskravet er gyldig.

Bjørn Villangers advokat, Egil Horstad, meiner det kan få store konsekvensar for praktiseringa av odelsretten i Noreg dersom dommen frå lagmannsretten blir ståande.

– Dei seier at odelsretten skal vurderast på grunnlag av noko anna enn slik garden står fram i dag. Vi har eit klassifiseringssystem for gardsbruk. Dette systemet har dei sett bort ifrå i denne saka, meiner Horstad.

Medan Høgsterett vurderer om dei skal ta saka, må Bjørn Villanger tenkja på kva han skal gjera om dommen blir ståande.

– Eg har brukt millionar på dette. Og det er her eg bur. Det handlar jo om kva eg skal bruka resten av livet mitt på.

Skeie

VANN FRAM: Advokat Ingvild Risnes Skeie i advokatfirmaet Harris.

Foto: Christian Lura / NRK