Hopp til innhold

Han flytta frå millionby for å jobbe med grøn skipsfart blant 500 innbyggjarar i Hyen

HYEN (NRK): I fjor utgjorde Kina-eksporten halve omsetnaden til verftet Brødrene Aa. Zeming Zhang har reist frå millionbyen Ghuangzhou for å jobbe med grøn skipsfart i vestlandsbygda Hyen.

Zeming Zhang

PÅ VEG: Zeming Zhang ved det nyaste fartøyet til Brødrene Aa skal gå mellom Zhong Shan og Hongkong Airport. Den prisvinnande verksemda har no levert ti fartøy til Kina.

Foto: Benedikte Grov / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Enda eit fartøy frå båtbyggjarverksemda ligg klar ved Hyefjorden. Neste stopp er Kina, der båten skal gå mellom Zhong Shan og Hongkong Airport.

– Designen er bra, seier Zeming Zhang på veg inn i fartøyet.

Han kjem sjølv frå Ghuangzhou, ein by med kring 13 millionar innbyggjarar sør i Kina. Men dei neste tre åra er det Hyen og dei rundt 500 innbyggjarane der som blir heimplass.

– Her ser du sjeldnare folk gå rundt, men i byen eg kjem frå ser du alltid folk. Det tar litt tid å venne seg til, smiler han.

Har levert ti fartøy

For snart fem år sidan fekk Brødrene Aa det kinesiske selskapet Chu Kong Shipping (CKS) inn på eigarsida. Selskapa har også etablert eit verft i Kina, der det skal byggjast båtar med grøn teknologi frå Hyen.

Zeming Zhang kom hit i november i fjor for å vere styrerepresentant samtidig som han jobbar med økonomi i Brødrene Aa.

Samarbeidet med den kinesiske samarbeidspartnaren har utvikla seg positivt, seier viseadministrerande direktør Lars Endre Gimmestad. Fartøyet som no blir levert, er det tiande som heilt eller delvis er bygd ved Hyen-verftet for sal i Kina.

Lars Endre Gimmestad

VEKSANDE INTERESSE: Viseadministrerande direktør Lars Endre Gimmestad seier interessa for grøn skipsteknologi er veksande i Kina. – Det var først drivstoffinnsparingar dei fekk auga opp for, men det er klart at utsleppsreduksjon, miljøeffekten av redusert energiforbruk, også er begynt å vekse fram der. 

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Eksporten til Kina har vore veldig viktig for Brødrene Aa dei siste åra. Vi har fylt og utvida kapasiteten på grunnlag av etterspurnaden der.

Det siste året har verksemda omsett for 560 millionar kroner, Kina-eksporten utgjer halvparten.

– Det har løfta seg gradvis sidan vi initierte samarbeidet, og nådde ein topp i fjor, seier Gimmestad.

Store moglegheiter i Hongkong

Brødrene Aa har etablert seg i Hongkong-området i samarbeid med sin kinesiske samarbeidspartnar.

– Der er stor aktivitet, befolkningsvekst og stor vekst i industrien, kombinert med at regelverket der seier at fartøy som begynner å dra på åra skal skiftast ut. Her ligg store moglegheiter, seier Gimmestad.

For Hyen-verftet vil framleis norske hurtigbåtar vere viktige framover. På sikt skal det også byggjast ferdige fartøy i Kina for den kinesiske marknaden.

Ny båt frå Brødrene Aa

FARTØY NUMMER TI: Det sist ferdigstilte fartøyet som går frå Brødrene Aa i Hyen til den kinesiske marknaden.

– No er vi i ein fase der vi begynner å levere strukturar som ikkje er komplette, så dei kan gjere ferdigstillinga. Så vil vi gradvis trappe ned ferdigsstilingsgraden i Noreg, så kinesarane kan starte fullskalaproduksjon.

Også Zeming Zhang meiner det er eit bra potensial i marknaden i heimlandet.

– Som i Noreg er vi meir og meir opptekne av miljøvennleg teknologi.

Snøen har lagt seg lett over fjelltoppane, og det regnar mens dei tilsette klargjer båten for levering. Zeming Zhang har vent seg til vestlandsvêret og liker livet i båtbyggjarbygda.

Folk er vennlege. Eg trur eg kjem til å sakne det når eg reiser herfrå.

Zeming Zhang