Hopp til innhold

Stengde av rom 301 - men fekk ikkje bukt med overnaturlege besøk...

På Gloppen Hotell på Sandane var det eit rom som folk ikkje ville bu på fordi dei høyrde kvinnestemmer om natta. Rommet vart fjerna ved ombygginga i fjor, men uroa var der likevel.

Knut Robert England og Dag Moen på rom 306 på Gloppen Hotell

MEDIUM: Knut Robert England (t.v.) og hotelleigar Dag Moen på rom 306.

Foto: Birger Meland / NRK

NRK Sogn og Fjordane inviterte med seg mediet Knut Robert England til Sandane for å sjå om han kunne gjere noko med saka.

Hotelleigar Dag Moen sa ja til eksperimentet. Han fortel at i den gamle fløyen på hotellet var det eit rom dei kalla flyvertinnerommet fordi kabinpersonalet til Widerøe ofte overnatta der.

– Besøk på rommet

– Dette var for om lag 15 år sidan, men etter kvart bad dei om å få rom i andre delar av hotellet enn rom 301. Dei fortalde at dei fleire gonger hadde besøk på rommet og at dei høyrde kvinnestemmer. Dei sov uroleg, og det er ikkje bra når dei skal tidleg på jobb.

No eksisterer ikkje rom 301 lenger, det vart fjerna då hotellet vart ombygd og påbygd i fjor.

– Då fekk vi sjansen til å stenge av rom 301. Arkitekten hadde eigentleg planlagt at vi skulle ta rom 302 til gjennomgangen mellom den gamle og den nye fløyen, men eg var heilt bestemt på å ta vekk veggen og bruke rom 301 som gjennomgang.

LES OGSÅ: Prest vil jage spøkelser i Ålen

LES OGSÅ: Prester temmer spøkelser med bønn

(Artikkelen held fram under biletet)

Gloppen Hotell på Sandane

ÅNDER PÅ HOTELLET: På Gloppen Hotell har ein del gjester sove dårleg.

Foto: Birger Meland / NRK

Medium frå Høyanger kjende energiar

Men trass i at rommet er vekk så er det framleis noko uforklarleg på Gloppen Hotell, som tidlegare heitte Sivertsens Hotell . Knut Robert England frå Høyanger er eit såkalla medium, og han skal prøve å fjerne det som skaper uro.

Natt til torsdag overnatta han på rom 306 i den gamle delen av hotellet frå 1866, men alt då han sjekka inn på hotellet onsdag kveld merka han at han ikkje var åleine.

– Då eg kom i resepsjonen kjende eg at eg vart ynskt velkomen av fleire energiar som er her på hotellet.

Etter å ha overnatta på rommet var han torsdag morgon klar til å gjere eit forsøk på å få åndene vekk frå Gloppen Hotell.

– Det første eg gjer er å beskytte meg sjølv for at eg ikkje skal dra med meg noko av det eg treffer på, deretter skal eg prøve å få kontakt med energiane eller åndene som er der, anten der rom 301 ein gong var eller på rom 306 eller i gangane.

England brukar ofte søkepinnar, men han brukar og nevane til å kjenne på det som finst av energiar i rommet. Han fortel at dette er ei medfødd evne han har, men at det likevel ikkje er noko han kan gjere utan trening.

– Tunge, men ikkje vonde energiar

– Var det sterke krefter du kjende då du kom inn i hotellbygningen?

– Ja, det var forholdsvis tunge energiar, men det var ikkje vonde energiar, det kjennest som åndene ikkje var hissige.

Knut Robert overnatta altså på rom 306, men han har ikkje sove godt.

– Nei, og det er nok fordi eg ikkje var åleine der. Eg har hatt besøk store delar av natta, og det har vore nokså uroleg.

England har og vore der rom 301 ein gong var og har funne ut at det har skjedd noko der.

– Ja, der kjenner eg heilt tydeleg energiar eller ånder. Eg har nett søkt over eine delen av det som tidlegare var rom 301 og har funne ut at åndene er der senga ein gong stod. Eg kjenner det som frysningar, i tillegg har eg søkepinnar som har konstatert at det er energiar her, det skaper uro i rommet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Knut Robert England på rom 306 på Gloppen Hotell

PÅ ROM 306: Knut Robert England skal reinse rommet for ånder.

Foto: Birger Meland / NRK

– Over til andre sida

Så går Knut Robert England i gang med ritualet sitt, og det gjer han på rom 306, der han har overnatta.

– Eg skal prøve å få kontakt med åndene og få dei til å gå over til den andre sida der dei rettmessig høyrer heime. Det er iallfall to kvinnelege energiar eg har hatt kontakt med den tida eg har vore her. Om det er fleire står att å sjå.

Han har levande lys på rommet for å reinse lufta.

– Trur eigentleg ikkje på slikt

Hotelleigar Dag Moen seier han ikkje trur på spøkelser, men han har likevel stilt hotellet til disposisjon for mediet.

Etter eit par timars arbeid meiner Knut Robert England at han har fått reinsa rommet og gangane for dei energiane han merka. Men han meiner det kjem til å vere uroleg nokre dagar på grunn av det han har gjort.

Familiemedlemmer

England meiner dei to kvinnelege energiane han har merka tilhøyrer medlemmer av familien som opphaveleg eigde hotellet, den tida det heitte Sivertsens Hotell. Han meiner årsaka er at dei ikkje fekk delta i drifta av hotellet.

Når det gjeld rom 301, det som vart kalla flyvertinnerommet, meiner England uroa der har meir med Widerøe å gjere enn hotellet. Den perioden kabinpersonalet som budde der høyrde stemmer er i tida etter Widerøe-ulukka i Torghatten.